Dei har drege på dekk og halsa i myr. Fordi dei skal gå, køyra og skri til Oslo. Tog, buss, hest og kjerre, men mest til fots. På ski og på føtene. Nett som Nansen, i respekt for Nansen og til ære for den energiske, fryktlause og ihuga vitskapsmannen og eventyraren har dei førebudd seg i månader. No er dagen komen. Ti mann glir lydlaust inn i øydemarka i Upsetdalen. Svingar seg oppover mot høgfjellet som eit godstog, med BT på slep.

– Det er ei drivkraft i seg sjølv å vera lenge på tur. Og så er det kjekt å få til noko i lag med andre og oppleva den gruppedynamikken som eit slikt prosjekt utløyser, seier Arne-Kristian Glück-Teigland, primus motor bak den 12 dagar lange ekspedisjonen.