– Det har vore ein stor og utmattande jobb. Alt har ikkje gått knirkefritt. No er eg glad vi snart kan setje sluttstrek for byggjeprosessen, seier Richard Grov, administrerande direktør ved Alexandra Hotell i Loen.

«Loen Skylift» er det offisielle namnet på vidunderet, som tek deg frå fjøresteinane til toppen av fjellet Hoven (1011 moh.) på mindre enn fem minutt. Namnet antydar at det er eit internasjonalt publikum attraksjonen først og fremst rettar seg mot. Cruiseturistar, ikkje minst. Årleg kjem det 400.000 cruisereisande til regionen, fordelt på nesten 300 anløp. 55.000 personar må løyse billett med bana for at prosjektet skal gå i balanse. Ein tur-retur-billett skal koste 485 kroner.