I skogen heilt sør på Reksteren på Tysnes gøymer det seg biologiske skattar. Gul pærelav er oftast å finna på treslag som rogn og hassel. I små lommer av sjeldan norsk regnskog. Der du finn gul pærelav, er sjansen god for at du også vil finna andre og kanskje endå sjeldnare mose- og lavartar.

Og nett her vil Statens vegvesen at E39 skal gå. Prosjektets miljøprofil blir slakta av Fylkesmannen i Hordaland. Han omtalar det som «truleg det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid».