BT Magasinet

Du veit dei som seier alt det rette. Gjer alt det rette. Og fiksar verda?

Av alle eg har møtt, er det dei som har bomma litt som inspirerer mest.

Få ting er som å drikka ein kald pils etter å ha øydelagt kroppen opp eit eller anna fjell.

Livets kontrastar, eg elskar det.

Skal eg bu i luksus på ferie, vil eg helst dra på telttur først.

Du kunne sikkert gitt meg ein diagnose. Heilt greitt. Me har alle våre diagnosar.

Den største jobben er å veta at dei finst.

Hovudet har ofte mest vondt, men det held ein som regel for seg sjølv.

I staden er det ei sene som er sliten. Skuldrer som er stive.

Eg veit ikkje med deg, men kvar gong nokon opnar gardina til sitt indre, følgjer eg nøye med.

«Eg er så jævla deppa.»

«Eg vil ikkje ha barn. Eg vil faktisk leva aleine.»

«Då eg var vekke sist veke, var det fordi eg ikkje får han opp. Eg slit med det.»

«Maria er dritbra. Psykologen min, altså.»

I mangel på betre ord: fett.

Alle de som kuttar gjennom driten, takk.

Din kamp, min kamp, alle sin kamp.

Det er som om me saman stikk hol på eksistensen.

Overflatebehandling, det held jo knapt ein vinter.

Kvar gong nokon dreg av plasteret, blør me alle litt mindre.

Hugsar du ho som sa alt det rette. Gjorde alt det rette. Og fiksa verda?

Av alle eg har møtt, er det dei som har bomma litt som inspirerer mest.

Heller ein tabbe og to enn feilfri CV.

Og heller ti ord for mykje enn fem for få.

Då eg var liten, fekk eg store inntrykk.

Heime på Voss kom det all slags folk innom. Huset var fullt av preik.

Særskilt ein kar, Brynjulv Vinje, sette sine spor.

Brynjulv prata mykje. Og då han prata, lytta alle.

Noko anna hadde ein strengt tatt ikkje høve til.

Han heiv ut den eine sanninga etter den andre.

Brynjulv tok fingrane på såra.

Halvparten av filmen frå konfirmasjonen min er av Brynjulv som pratar.

Og takk for det!

Brynjulv var psykolog i all si form. Han skjønte folk.

Og då han kom på sitt årlege besøk, hadde han med seg alt alle trengde:

Eit par kasser med god vin. Og ein kjeft som aldri stogga.

Og då han kom heim att til Oslo, tok han opp røyret, ringde til Voss og sa:

«Mor di». Og så henta eg mamma, og praten gjekk.

Me treng alle ein Brynjulv i livet.

Eg seier ikkje at vener og jobb skal verta avdeling vondt og vanskeleg, men gje no litt plass til skiten.

For denne blødarsjukdomen er heilt normal. Du må berre trena litt.

Og så kan du ta deg ein pils etterpå.

widget-list