– Eg fann støtt og stadig fuglekadaver på taket. Det byrja for fire-fem år sidan. Eg forstod ikkje kvar dei kom frå. Ikkje før eg sette opp eit viltkamera der dei ribba fugleskrottane brukte å liggja.

Det fortel Christian Hansen. Han har i 16 år jobba på fylkesbygget vis-a-vis Bystasjonen, i dei seinare åra som driftsleiar. Det er her vandrefalken kjem med byttet sitt. Somme dagar et han både lunsj og middag på det nordaustre hjørnet, 18 etasjar over gatenivå.