Det er ikkje berre daglegvarekjedene som kastar store mengder mat som kunne vore brukt til langt nyttigare føremål enn å ende opp som restavfall. Ifølgje Statistisk sentralbyrå kastar kvar og ein av oss nesten 450 kilo hushaldsavfall kvart år. Litt sjukt, eller?

Bill Mollison – eller Uncle Bill blant vener – heitte ein underleg skrue frå Tasmania. Den legendariske økofilosofen, forelesaren, bonden, poeten og sjarmøren døydde i september i fjor, 88 år gammal. Han er lenge blitt rekna som permakulturens far, ein økologisk krigar som vigde livet sitt til propaganda for biologisk mangfald og økologisk berekraft.