Han hadde skjønt teikninga. Den erfarne politimannen hadde vore utsett for ei og anna reform før. Men aldri noko så stort som dette. Han visste at Årdal lensmannskontor kom til å bli lagt ned. Likevel vart han ekstremt skuffa.

– Han Magne måtte ned i kjellaren. Han var ein rimeleg sliten lensmann.