Ho går inn døra, ned trappa i mørkeret og heilt fram til scenekanten i Teaterkjelleren på DNS. Olaug Nilssen kjem rett frå Tveiterås, skulen for barn med spesielle behov, og til sitt eige stykke «Stort og stygt». Også det handlar om eit barn som er annleis.

– Eg har berre eit tema no, men det kan endre seg, seier ho.