Ambassade for Kjartanistan

Eit kunstsenter til ære for Kjartan Slettemark, Kjartanistan, er no ferdig planlagt.

IDEEN KOM frå Naustdal, og no er det opp til naustedølane. Diplomstudentane Bjørn-Arne Vollstad og Andreas Fadum Haugstad har levert oppskrifta på eit opplevingssenter utanom det vanlege, ein leike- og undringsplass i Kjartan Slettemark si ånd, ein møteplass mellom det kjartanske og det naustdalske.

Sjølve seier dei at dei har laga eit lokalt kulturlandskap med kosmiske og kunstnarlege tilbøyelegheiter, ein plass som skal forløysa leikedrifta i menneskedyret og auka undringskompetansen.

KJEM DU KØYRANDE frå Førde og inn i Naustdal, møter du fast land på venstre sida like etter nyebrua. Der ligg ambassadetomta. Her på Sanden, mellom brua og bensinstasjonen, har dei no nyutdanna arkitektane frå NTNU i Trondheim på papiret skapt eit landskap til bruk for både fastbuande og tilreisande. I dette landskapet ligg bygg og installasjonar som saman og kvar for seg formidlar kunsten, energien og tenkjemåten til Kjartan Slettemark.

Langs vegen ligg eit lågt byggverk kalla Kabareten, omtala som Slettemark si kunståre. Her er ei rekkje små rom som viser tolkingar av Slettemark-kunst som på ulik vis skal dra publikum inn i det kjartanianske.

I Propagandadusjen vil ein møta Nixon-prosjektet hans, i Terrorteltet det vidgjetne Vietnam-biletet. Her er intimscenen Livsteateret og Regntromma, eit rom å sitja i når ein vil lytta til regnet. Ein liten verkstad med utstillingsplass er kalla Livmora. Heile dette området skal vera døgnope.

LENGST VEST ligg bensinstasjonen Best. Den er utvida og omdøypt til ammestasjon med servise for både bilar og folk.

– I tillegg til vanleg bilvask vil det her bli tilbod om videovask. Kva no det er. Det vil visa seg, det blir opp til Kjartan Slettemark. Tilbygget til bensinstasjonen er planlagt for drive-in, forklarer Bjørn-Arne Vollstad. Han minnar om at mange av kunstprosjekta til Slettemark har ei ibuande omsorg, kunstnaren opptrer som ein slags helsearbeidar, ein velgjerar.

– Det handlar om å vri litt på det tilvande, såpass at ein bikkar ut av konvensjonen. På den måten utvidar både synsfeltet og potensialet seg. Slik oppstår det kjartanianske, seier Vollstad.

Parkeringsplassen austom bensinstasjonen er omgjord til ein utstillings- og parkeringsplass med fargelagd gummidekke. Ein oppgradert plass som mjukt tek imot bilar som skal på vent, ein plass som er til pryd når han ikkje er i bruk.

LANGS strandpromenaden ligg «Grillosjane», heidersplassar for bubilparkering. I enden av plassen ligg «Observatoriet», eit tårn med kosedyrmottak og studiesirkel med fotmassasje. Her er også kafeen Eldstova og Arkivet med Slettemark-litteratur og toaletta som går under namna Doperiskop og Attføringsstasjonar.

Festplassen ligg nærast elveosen. Den er utstyrt med partyrigg, puddelpodium og digital persienne. Partyriggen er eit multikulturhus som kan vera open scene eller overbygd hall etter behov. Den digitale persienna er ein skjerm for drive-in-kino, innandørs bygdekino og overføring av store fotballkampar.

Ambassaden for Kjartanistan, eller Domus Kjartania, er blitt til etter ei lang reise. Ideen var det Egil Sunde som hadde, tanken blei formulert av rådmann Anna Elisa Tryti i ein strategisk kulturplan.

Dei to studentane reiste først til Berlin og Köln for å sjå på ulike kunstsenter, så til Kjartan Slettemark i Stockholm som er svært begeistra for tanken om eit kunstsenter i heimbygda. Dei reiste til Tønsberg, til Slettemark-kjennaren Jan Åke Petterson ved Haugar Vestfold Kunstmuseum, til Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen i Fjaler og til Naustdal.

DET SKJEDDE ein transformasjon i løpet av turen. Prosjektet blei kjartaniansk i møte med Kjartan Slettemark.

– Vår rolle har vore å lata oss inspirera av Kjartan Slettemark sin energi og det potensialet som ligg i ideen om eit Slettemarksenter, seier Vollstad.

– Vi har vist ein måte å byggja eit slikt senter på og våre løysingar er så robuste og enkle at senteret i stor grad vil kunna byggjast på dugnad. I grunnen er det berre Observatoriet som er eit litt meir krevjande byggjeprosjekt, seier han.

– Slik sett burde prosjektet ha stor sjanse til å kunna bli realisert, meiner arkitekten. Diplomoppgåva skal på utstilling i Naustdal under Slettemarkbiennalen i juni. Vollstad og Fadum Haugstad har også laga ein film som skal synast då, om ein teddybjørn som blei levert til kosedyrasylet i den kjartanianske ambassaden i Naustdal.

– DETTE ER SPANANDE nytenking, seier rådmann i Naustdal, Anna Elisa Tryti om ambassaden ho har fått opp i hendene frå diplomstudentane.

– Kommunestyret i Naustdal har sagt at dei vi ha vurdert eit Kjartan Slettemark-senter. Tida vil visa om senteret får nett denne utforminga, men det har vist seg at det å plassera kunstsamlingar på heimebøen til kunstnarar frå Sogn og Fjordane, det har noko føre seg, seier Tryti.

– Slike kunstsenter blir både symbol- og signalbygg. Eit Slettemarksenter på Sanden vil liggja som eit trekkplaster midt i vekstaksen Florø-Førde.

– I Naustdal er vi opptekne av å bruka samtidskunsten som brekkstong for kulturell endring. Slettemark-skulpturen Budeia, som alt er plassert på Sanden, har utløyst ei kreativ kraft. Fleire har i det siste kome med forslag til ny aktivitet i dette området. Og alt er faktisk mogeleg berre ein ønskjer det sterkt nok, seier Anna Elisa Tryti.

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

Relaterte bilder

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av