Det skjer langs Bybanen

Meir enn 2000 nye leilegheiter og store næringsareal er under planlegging langs bybanen. Arbeidet med å utforma små lokalsenter ved stoppestadene er i full gang.

DET ER PRIVATE utbyggjarar og arkitektane deira som planlegg dei nye urbane byområda langs bybanen. Kommunen sit på sidelina og prøver å påverka så godt den kan.

- Vi skulle så gjerne hatt ressursar og kapasitet til å sitja tettare saman med utviklarane, seier plan- og miljøsjef i Bergen kommune, Mette Svanes.

- Lova gjev høve til privat planlegging av nye byområde, og vi vil ikkje laga offentlege planar i staden, men vi er opptekne av heilskapen. Det er viktig at dei som planlegg, forstår at det er nye stader dei skal laga langs bybanen, ikkje berre nye enkeltståande prosjekt, seier Svanes.

Hennar Plan- og miljøavdeling har møte med dei private planleggjarane for å formidla kommunen sine ønskje for byplanlegginga. Det same har Seksjon for eiendomsutvikling og utbyggingsavtaler og ulike sakshandsamarar på byggjesaksavdelinga.

Planleggjarane har arealplanen til kommunen å halda seg til. Den seier at det kan byggjast tett i områda rundt bybanen og kommunen ønskjer at storparten av ny bustadbygging i byen skal gå føre seg ved fortetting nettopp i desse områda. Her er det lov å byggja inntil fem etasjar.

KOMMUNEN har sett i gang arbeid med å laga eit handlingsprogram for bybanestoppa, ei rettesnor for kva kvalitetar som bør takast omsyn til på kvar stad.

- Bybanen i seg sjølv signaliserer høge ambisjonar og kvalitet. Dette må også visa att i utforminga av nye byrom og bygningar langs banen, seier Svanes. Ho likte godt ideen som arkitekt Gudrun Molden lanserte på byutviklingskonferansen nyleg, om at kvart bybanestopp bør ha ein plass.

Kommunen er for tida spesielt opptekne av utviklinga av Wergeland og Paradis. Her er dei private utbyggjarane komne godt i gang med planlegginga og kommunen har eigne grupper som følgjer dette arbeidet.

- VI MEINER det må takast omsyn til det særpreget som alt finst på kvar plass, at det må skapast byrom som det er hyggjeleg å bruka. Vi legg oss ikkje opp i detaljane, men er opptekne av strukturane. Utbyggjarane spør ofte kva kommunen meiner, og vi må nok bli tydelegare, seier Svanes.

- Utviklinga av Lagunen blir også svært viktig. Der står på ein måte valet mellom cola og hamburger eller caffe latte og salat. Utbyggjarane må bestemma seg for kva slags bydelssenter dei vil laga. Det kan henda kommunen bør ta hand om reguleringsarbeidet der, seier plansjefen.

På Wergeland er ikkje mindre enn fire private reguleringsplanar under arbed. Rema 1000-eigar Reidar Madsen planlegg sjølve bybanestoppet og ein stor ny bygningsmasse for bustad og næring omkring dette. Vest for riksvegen er tre bustadprosjekt under utvikling. Fleire av utbyggjarane her har måtta redusert omfanget av si planlegging på grunn av motstand i nabolaget.

PARADIS går heilt nye tider i møte. Det tronge vegkrysset vil ikkje bli til å kjenna att om nokre år. Der skal det byggjast mykje og tett. To ulike aktørar er i aksjon, på kvar si side av Nesttunvegen.

På austsida av vegen, ned i dumpa der det i dag er blant anna er ei bilforretning, kjem bybanen ut frå tunnelen frå Fantoft. Origo arkitektgruppe AS planlegg sjølve bybanestoppet og nye bygningar omkring dette.

Paradis Torg heiter dette prosjektet og det er Inge Kristoffersen, Per Jørgensen og Terje Johan Skjelbred som står bak.

- Vi legg eit lok over bybanestasjonen. Oppå loket blir det bustader, butikkar og grøne hagar. Mange har alt teke kontakt fordi dei ønskjer å kjøpa leilegheit her, seier arkitekt Jørn Atle Flo. Han trur det kan bli plass til ca ti butikkar i denne delen av det nye lokalsenteret. Nokre vil liggja nede på sjølve stasjonsområdet, dei fleste oppe på gateplanet.

REMA 1000 har ei sentral rolle i planlegginga her, som på Wergeland. Rema Eiendom Vest eig nemleg Paradis Lokalsenter AS i lag med Nymo Sundal Eiendom. Dette selskapet er det som planlegg ei større utbygging på austsida av Nesttunvegen.

- Paradis er porten inn til Bergen, dette er eit viktig knutepunkt og vi må leva opp til både tradisjonane i området og namnet på plassen, så det vi lagar på Paradis må bli bra, seier Atle Sundal, dagleg leiar i Paradis Lokalsenter.

Ein arkitektkonkurranse som er halden, kåra ingen vinnar, men dei to kontora som deltok, Link Signatur og Grieg arkitekter, sit no saman for å planleggja vidare for bustader og butikkar. Denne reguleringsplanen omfattar også vegsystemet på Paradis. Statens vegvesen hadde eigentleg tenkt seg to rundkøyringar, men både utbyggjarane og kommunen vil helst ha ei miljøgate som den på Nesttun.

Dei to utbyggjarane på Paradis har også samtalar seg i mellom for å samordna planane.

- Kommunen må syta for ei rask behandling av desse reguleringsplanane, om ikkje, blir det berre byggjekranar å sjå langs banen når denne opnar sommaren 2010, seier arkitekt Jørn Atle Flo.

Siste fra Bolig