Smart fyr frå Jostedal
Eigentleg ville dei produsere pellets, men vart forarga over kor dårlege omnane var.
AV: per marifjæren
SÅ DEI TOK LIKE GODT patent på sin eigen versjon, med mindre sot og meir varme enn konkurrentane.
– SINTEF i Trondheim har stadfesta at den brenn både meir effektivt og langt reinare enn vanlege pelletskaminar, seier brørne Edvin og Kurt Brun entusiastisk..
Kurt er den sjølvlærte praktikaren bak oppfinninga, Edvin er styreformann i produksjonsselskapet Jostedal Industrier.
På få månader i vinter har dei selt over hundre eksemplar den norskproduserte- og designa pelletskaminen, og 400 nye er i bestilling.
Dei meiner oppfinninga for alvor kan bane veg for bruken av biobrensel i Noreg.
VI ER I EIT NEDLAGT FJØS, langt inne i Jostedalen i Indre Sogn.
Veggene er måla skinnande kvite, siste eimen av fjøslukt er vaska vekk. Der båsane var, står no halvferdige pelletskaminar på rekke og rad. Til og med gjødselkjellaren under oss er nedvaska og opp-pussa, og tatt i bruk som lager.
Jostedal Industrier er ei ti år gammal verksemd, og er så langt mest kjent for sine spesialtilpassa operasjonsbord for helsevesenet.
– Det er gjennom desse produkta vi har opparbeidd kompetansen som skulle til for å konstruere pelletsomnen. I begge tilfelle er det snakk om mekanikk og elektronisk styring av funksjonar, seier Edvin Brun.
Det er matinga av dei små pellets-bitane som er sjølve kluet med omnen som broder Kurt har utvikla.
Der vanlege omnar brukar ei skrue til å dosere pelletsen i brennkammeret, let Kurt Brun eit hjul gjere jobben. Konstruksjonen er patentbeskytta.
Overfor Bergens Tidende stadfestar også Edvard Karlsvik ved SINTEF i Trondheim at omnen har eigenskapar andre kan sjå langt etter.
– BÅDE PARTIKKELUTSLEPP og temperaturen på røykgass-utsleppet er ekstremt lågt. Det er veldig moro at det kjem eit norskutvikla produkt som er så bra som dette, seier Karlsvik, som er forskar innan energiprosessar.
Opphavleg hadde karane i Jostedal ingen planar om karriere som omnskonstruktør- eller produsent.
Tvert i mot, Jostedal Industrier AS hadde hendene fulle med å lage avanserte operasjonsbenkar til helsevesen både i inn- og utland.
Men som elles i landet opplevde dei at landskapet grodde igjen. Dei spekulerte i om produksjon av biobrensel – pellets – av komprimert trevirke kunne vere ein lønsam måte å halde nede skog og kratt på.
– Men logistisk var det eit håplaust prosjekt, og vi såg fort at Jostedalen ikkje var plassen for pellets-produksjon. Dessutan er det vel ti andre i landet som lagar slikt, fortel Edvin Brun. – Men eg såg fort at omnane ikkje var gode nok, og vi hadde jo dette fjøset ståande der utan dyr i. Og kompetanse innanfor elektronikk og mekanikk hadde vi også frå før¿
VESLE JULAFTAN 2003 steig både temperaturen og stemninga i stova. Da fekk Kurt Brun fyr på den første prototypen av ein pelletskamin med hjulmating.
Sluttproduktet skulle bli radikalt annleis enn det dei hadde sett.
– Matesystemet vårt er det viktigaste. Men heile styringa av omnen er også heilt annleis, seier konstruktør Kurt Brun.
Han peikar vidare på at konkurrentane frå Mellom- og Sør-Europa marknadsfører pelletsomnar som ofte er utvikla frå tradisjonelle vedomnar.
– Vi starta på bar bakke. Vår omn blir ikkje særleg overflatevarm, men spreier varmen ut i rommet med vifte, seier Brun.
Han arbeider no med fleire prosjekt knytt til omnen, der eitt av måla er å forenkle installasjon og montering ytterlegare. Eit anna mål er å utvikle infrastrukturen rundt omnen, slik at den også skal kunne fyre varmtvasstanken i huset og drive vannboren golvvarme.
MEN UTAN eit stødig forhandlarnett og god marknadsføring hjelper det lite med verdas beste omn.
– Målet er at pelletsomnen Jostedal-1 skal bli eit totalsystem som både er meir miljøvennleg og billegare enn alternativa, seier Svein Norberg i Bionordic, selskapet som skal marknadsføre produktet.
– Ovnen leverer mellom to og sju kilowatt, til ein pris av mindre enn 45 øre kilowattimen. Få kan matche det, seier Norberg.
Han håpar no på at regjeringa si bebuda støtteordning for miljøvenlege pelletskaminar no blir ein realitet. Da kan det knapt bli smartare, billegare eller enklare, meiner han.
Omnen er designa av Oslo-firmaet 360 Grader Produktdesign, medan dei pulverlakkerte ytterdeksla på omnen blir produsert i Stryn.
Resten, inkludert innerchassiet i rustfritt stål, brennarsystemet, krinskorta og den elektroniske styringa er Made in Jostedal.
Eit industrieventyr i miniatyr, levert frå inste Utkant-Noreg.
Les også
Siste fra Bolig
Relaterte bilder
FOTO: ODDLEIV APNESETH
