Naturnær bustad

Dei ville ha eit hus som endrar seg med døgeret og med årstidene. Eit hus tett på naturen. Det ligg i Groavegen på Voss.

-VI VILLE HA EIT HUS som gjer det mogeleg for oss å væra nær naturen, også når vi oppheld oss inne, seier Per Finne. Han bur her i lag med kona Solfrid og gutane Iver og Leik, i eit av dei få modernistiske bustadhusa som er bygd på Vossevangen dei siste tiåra.

-Når vi først skulle byggja nytt, ville vi ha eit moderne hus som skil seg ut, som skaper ein kontrast i nabolaget, utan å dominera dei husa som låg her frå før, seier Finne.

Han og kona førebudde seg grundig til husbygginga. Dei laga lister over kva behov det nye huset skulle dekka. Bladde i bøker og festa gule lappar på bilete av ting dei likte. Alt dette fekk arkitekten opp i hendene. Han fekk i oppdrag å tolka dette grunnlagsmaterialet fritt.

-Vi budde i Trondheim då prosessen starta og spurde vener kven som var den dyktigaste arkitekten der. Vi fekk to svar og valde Svein Skibnes, som hadde teikna hus vi likte. Vi fekk god kontakt, han har kalla oss ein draumeoppdragsgjevar, fordi vi så tydeleg sa kva vi ønskte, og deretter gav han frie hender.



FAMILIEN HAR BUDD i huset i eit halvt år. -Det er ingenting vi skulle ønskja var gjort annleis, seier Per Finne.

-Men alt er ikkje heilt ferdig enno, vi brukar tid på å bu oss inn. Alt skal ikkje vera strøkent den dagen du flyttar inn i eit nytt hus. Vi brukar tid på å setja vårt preg på huset, på å gjera det koseleg.

Marssola gjer oss merksam på at solskjerminga framføre dei store glasflatene ikkje er på plass. Drivhuseffekten vert etter kvart påtakeleg. Finne opnar ei dør for å moderera temparaturen.

Huset har form som to skoøskjer, den eine litt meir framskoten enn den andre. Langsidene på huset vender mot aust og vest, kortsidene mot nord og sør. Heimen opnar seg mot Vangsvatnet, fjellet Gråsida på motsett side og landskapet under Hanguren. Kontakten med landskapet er størst i stova og på kjøkenet, og oppe på foreldresoverommet, der dei vaksne kan sovna i fullmåneskinet og vaknar med fri sikt inn i fjellheimen. Frå dobbeltsenga er det full utsikt utan den minste innsikt.



NÅR VI KJEM TIL GARDS, køyrer Finne bilen inn under bakarste delen av den øvste skoøskja. Rett fram er det ei skibod, til høgre går ei dør inn til vaskerommet og så er det hovudinngangen. Vi kjem først inn i ein gang, så til ein mellomgang med skåp kledd med høge skyvedører. Til venstre bak skåpa ligg kjøkenet, rett fram og ned ei brei trapp med sju trinn, ligg stova. Den er berre 25 kvadrat, men verkar større på grunn av stor takhøgd.

Alle veggene er måla kvite, alle golv er i olja bjørk, det er også trinna i den spesiallaga vindeltrappa som knyter hovudetasjen til andre høgda og til kjellaren.

-Eg er oppteken av japansk arkitektur og ville gjera slik dei ofte gjer der, bryta harmonien ved å innføra eit heilt annleis element, forklarer Per Finne.

-Både kona mi og eg kjem frå gard. Med denne trappa har vi teke noko av fjøset inn i huset vårt, seier han. Trappa er konstruert av forsinka stål. Vi er heilt med på assosiasjonen til mjølkebytta i fjøse.



ANDRE HØGDA er delt i to av badet. Bakarste delen er barneavdelinga. Åtteåringen og elleveåringen har arbeidsbord under vindauget og rikeleg med felles bokhylleplass, herifrå opnar høge skyvedører opp inn til to soverom. Når dørene står opne, har dei to gutane eit stort fellesareal å boltra seg på.

På badet er persiennene på plass framføre det store vindauget som dekker heile veggen over badekaret.

-Eit av krava våre var at vi skulle kunna liggja i badekaret og sjå ut i skogen. Det kan vi, men no når det ikkje er lauv på trea, treng vi persiennene, forklarer Finne som røper at det gjekk ei stund før desse kom på plass. Då slo dei berre av lyset då dei dusja.

Fremste delen av andre etasje er foreldreavdelinga. Her er det også arbeidsbord under vindauga og ein raud skyvedørsvegg som delar rommet i to. Bak skyvedøra er dobbeltsenga med utsikta. Ei anna skyvedør fører ut på ein stor terrasse som ligg oppå stovetaket.



HUSET HAR FULL KJELLAR. Lengst bak ligg tekniske rom, ei vanleg kald bod og ei eiga smørjebod for familien som elskar å gå på ski.

-Dette er no mest mitt rom, seier Per Finne. Smørjeboda var eit av hans viktige krav til huset. Fremst i kjellaren er allrommet, med ymse musikkinstrument, ei lita trampoline og gjesteseng. Herifrå er det skyvedør ut og to trinn opp til hagen.

Den delen av huset der stova ligg, er bygd av leca som er pussa og farga koksgrå. Resten av huset er bygd i tre og kledd med kvitbeisa panel. I hagen skal det byggjast eit overbygg over uteplassen, under denne skal det liggja store kvadratiske skiferheller.

Eit krav til huset var at det skulle ha flatt tak. På den måten stikk det seg mindre ut i terrenget, meiner Per Finne. Bustaden har eit bruttoareal på 210 kvadrat.

-Eigentleg hadde vi tenkt å byggja eit mindre hus, seier Per Finne.

Les også

Siste fra Bolig

Her er det feil for 5,4 millioner

To nye eneboliger kan gå på «billigsalg».

Slik fikk hun et møblert hjem gratis

Alida Fjermestad (31) har innredet leiligheten sin med møbler andre ville kaste. På gratistorget hos Finn.no har annonsemengden økt med 35 prosent i 2011.

Dette er ei campingvogn!

På nettet fann Cathrine Bysheim ei heimesnikra campingvogn i Australia. Bli med inn!

Dette er eit bord

Elleve møbelstudentar frå Bergen klar for årets store møbelfest. Sjå bileta.

På denne øyen er det full strid

Kommunen vil ha hyttesenter. Det vil <i>ikke</> de fastboende.

- Norske boligpriser er 15-20 prosent for høye

Det internasjonale pengefondet (IMF) mener boligmarkedet i Norge er i ferd med å bli en boble.

Relaterte bilder

FOTO: Rune Sævig

FOTO: Rune Sævig

FOTO: Rune Sævig

FOTO: Rune Sævig

FOTO: Rune Sævig

FOTO: Rune Sævig

FOTO: Rune Sævig