Vindaugedoktoren i Bjørsvik

- Det er i vindauga og dørene huset si sjel ligg, seier Per Fagernes. Han restaurerer vindauge slik at dei vert gode som gamle.

I Bjørsvik i Lindås held Vestlandets einaste vindaugsrestauratør til. Her finn ein alt som må til for at gamle vindauge skal halda på sjela og sjarmen.

Glas, rammer og nokre heile vindauge står på golvet, terpentin og linolje har fått plass på hylla over arbeidsbenken der varmepistolen og ein spesiell varmelampe bur, og hengsle og krokar er sirleg plassert i boksar. Nokre av dei heng til tørk i det eine vindauga.

- På 1970-talet øydela dei hus i Noreg. Då vart det sett inn husmorvindauga overalt, seier Per Fagernes.

Han fortel at etter å ha restaurert nokre vindauge i eit hus på Ullern i Oslo, fekk han høyra at dersom vindauga hadde vorte bytta ut til fordel for nye, kunne taksten vorte sett ned med 300.000 kroner når huset skulle seljast.

- Det er i vindauga og dørene husa si sjel ligg, og mange vil ha huset slik det i utgangspunktet var, meiner Per.



DIFOR ER DET IKKJE alle som verken har eller vil ha husmorvindauge, og ein del av dei kjem til Per. Nokre av vindauga han har inne, er godt over 100 år gamle. Andre er berre 20, men må likevel reparerast.

- Dei gamle vindauga har det beste treverket. Då vart tømmeret sortert i skogen og det som skulle brukast til vindauge, lagt til side. No får ein berre vindauga tilkjørt, og ser ikkje på dei ein gong, seier Per.

Nokre av vindauga som står på golvet i verkstaden, er reservevindauge. Dei finn Per mellom anna på avfallsplassar. Nokre har glas som kan brukast, andre ramme, og atter andre hengsle eller krokar. Rammer som ikkje er brukande til å hengja utandørs, kan nokre gongar brukast til å ramma inn ein spegel.

- Det er ikkje til å unngå at det ryk ei glasrute frå tid til anna, seier Per.



Å VERA vindaugsrestauratør er pirk- og nøyaktigheitsarbeid, og ikkje alt verktøy kan kjøpast kor som helst. Den spesielle varmelampen Per brukar til å mjuka kitt og maling med slik at det er lettare å skrapa av, tinga han frå Sverige. Mykje pengar kosta han òg.

Når restauratøren får eit nytt vindauge, må først sjølve glasruta takast ut. Deretter må maling og kitt fjernast frå ramma før treverk kan skiftast og flikkast på. Eit strøk linolje må til for å impregnera og beskytta, og litt terpentin gjer treverket hardt dersom det er naudsynt. Så vert glaset sett i att, kitta, og ramma vert malt med linoljemaling. Den er dyr, men god, forklarar Per.

Dei gamle hengslene og krokane vert lagt i syrebad for å få vekk rust og maling før dei vert malte og skrudd på att.

- Nokre har prøvd å reparera vindauga sine sjølve før dei kjem til meg. Terpentin og kitt kan utsetja restaureringa eit par år, men på sikt må ein gjera grundigare arbeid, seier Per, og meiner at med vanleg vedlikehald i ettertid kan vindauga han restaurerer vara i nye hundre år.

- Er det nokre vindauge som er så øydelagde at du må seia nei når folk spør om du kan restaurera dei?

- Det hender, men det er sjeldan. Dersom ramma er roten, er det stort sett på ei side, og det kan ein skifta.



DET ER FIRE ÅR SIDAN Per flytta frå Mosjøen til Bjørsvik. Etter å ha jobba med bygningsvern på gamle trehus for mellom anna prestegardsinspektøren i Nordland, og ha fått restaureringsopplæring av ein som sjølv lærte det hos riksantikvaren, var det ikkje så vanskeleg å bestemma seg for kva garasjen som høyrde til huset skulle brukast til. Han var allereie isolert og hadde varmekablar i golvet.

- Eg sette inn ein annonse i BT. Det første halve året høyrde eg ingenting. Men så losna det, og då eg kom att frå ferie i fjor sommar, brukte eg ei heil veke berre på å reisa rundt og sjå på arbeid, fortel vindaugsdoktoren.

No går jungeltelegrafen, og han får jobbar frå både nær og litt fjernare. Ein heil solveranda frå Tysnes skal restaurerast, og det er kome telefonar frå Sogn. Nokre vil berre ha restaurert eit vindauga eller to, andre tek runden rundt heile huset etter kvart som dei får råd. Prisen på arbeidet er avhengig av både treverk, maling og glas.

- Men dersom ein skal setja inn nye vindauge, er det òg dyrt, og ønskjer ein å få spesiallaga vindauge i gamal stil, må ein rekna med å betala ein del, seier Per.

Hos dei fleste kundane både hentar han vindauga og set dei attende på plass i karmen etter enda restaurering.

- Malinga tek ein del tid, så er det fleire av vindauga på same huset som skal restaurerast, tek arbeidet fort ein månad.

Så lenge synest dei fleste det er greitt å leva med hol i veggen.

Les også

Siste fra Bolig

Her er det feil for 5,4 millioner

To nye eneboliger kan gå på «billigsalg».

Slik fikk hun et møblert hjem gratis

Alida Fjermestad (31) har innredet leiligheten sin med møbler andre ville kaste. På gratistorget hos Finn.no har annonsemengden økt med 35 prosent i 2011.

Dette er ei campingvogn!

På nettet fann Cathrine Bysheim ei heimesnikra campingvogn i Australia. Bli med inn!

Dette er eit bord

Elleve møbelstudentar frå Bergen klar for årets store møbelfest. Sjå bileta.

På denne øyen er det full strid

Kommunen vil ha hyttesenter. Det vil <i>ikke</> de fastboende.

- Norske boligpriser er 15-20 prosent for høye

Det internasjonale pengefondet (IMF) mener boligmarkedet i Norge er i ferd med å bli en boble.

Relaterte bilder

FOTO: Knut Strand

FOTO: Knut Strand

FOTO: Knut Strand

FOTO: Knut Strand

FOTO: Knut Strand

FOTO: Knut Strand