Vil byggja verdas høgaste trehus

BOB meiner Damsgårdssundet treng eit høghus nær Puddefjordsbroen og planlegg å byggja verdas høgaste trehus nettopp der.

- DET VIL VERA FEIL å la kommuneplanen si grense på fem etasjar vera rådande så nær den svære brua. I dette området finst det dessutan frå før fleire andre markante bygg, argumenterer prosjektleiar Ole H. Kleppe i BOB.

Bergen og omegn boligbyggelag vil byggja eit trehuskompleks med ei høgblokk på 12 etasjar nærast brua saman med ei lågare og lengre blokk på seks etasjar. Prosjektet skal romma kring 130 leilegheiter og i tillegg skal det i høghuset etter planen plasserast ein møte- og presentasjonsstad for byens teknologi- og forskingsmiljø, eit såkalla globalt hus.

- Kommunen lurte på kva dette prosjektet kunne bidra med for byen, og vi kom til at eit slikt globalt hus vil passa inn i den nye bydelen, seier Ole Kleppe.

OPPHAVLEG ville BOB byggja 15 etasjar på tomta ved Puddefjordsbroen - pluss eit lågare bygg. Dette blei avvist i kommunen, BOB revurderte og reduserte og undervegs i prosessen kom bustadbyggjelaget til at tingen var å byggja prosjektet i tre.

- Dette blir eit pilotprosjekt som vil vera med på å profilera Bergen som ein moderne treby. Det vil markera Damsgårdssundet som ein berekraftig bydel, fordi tre er eit miljøvenleg materiale, og prosjektet vil fremja norsk kompetanse når det gjeld trekonstruksjon, seier Kleppe.

Trehuset til BOB er utvikla i samarbeid med norsk treindustri. Organisasjonen Trefokus, Treteknisk Institutt og Moelven A/S har delteke i arbeidet.

PROSJEKTET, som er teikna av arkitekt Geir Brekke i Lund & partners arkitektar AS, skal, om det blir godkjent, byggjast av ferdig produserte tremodular som skal plasserast oppå betongfundamentet. Der det vanlegvis i eit hus blir brukt stål og betong, skal det i staden brukast tre. Både etasjeskilje og alle berande element blir av tre. Berre trapper og heissjakt skal lagast i betong, av branntekniske omsyn.

Fasadane blir prega av store glasflater. Husa blir transparente, leilegheitene får sol inn på eine sida, sjøutsikt på den andre. BOB legg opp til å tilby mindre husvære her, og trur husa spesielt vil appellera til yngre bustadsøkjarar. Fokuset på lågenergi og utomhusområde, som gjeld lenger sør i Damsgårdssundet, skal vidareførast.

- Langs Damsgårdsveien blir det plass til ein to mål stor park, ei grøn lunge og taket på den lågaste blokka kan eventuelt også brukast til ulike aktivitetar, seier Ole Kleppe.

- Vi har fått positive signal frå kommunen og har tru på at reguleringsplanen kan koma til å bli godkjend i løpet av året. I tilfelle kan det verta byggjestart om eit års tid, seier han.

BYRÅD LISBETH IVERSEN, med ansvar for klima, miljø og byutvikling, har ivra sterkt for utvikling av trehusbyen Bergen. Ho seier at ho så langt ikkje har konkludert når det gjeld dette nye trehuset.

- Vi har sagt til BOB at dei må ta omsyn til dei premissane som ligg i høghusmeldinga. Den slår fast at denne aktuelle tomta ikkje er utpeika til eventuelt høghusområde, men at byen kan tola nokre enkeltståande punkthus langs fjorden. Men då må desse bygga på ein eller annan måte ha offentleg interesse. Kravet er og at det i slike tilfelle skal haldast ein arkitektkonkurranse, seier Iversen, som legg til at det med det første vil bli halde eit fellesmøte mellom byrådsavdeling for byutvikling og byggjesaksavdelinga om saka.

Iversen legg til at ho synest det er spanande at BOB viser interesse for energi og miljø i prosjekta sine ved Damsgårdssundet.

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

Relaterte bilder

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av