Til ungdommen
Fylkeskommunen sitt nye flaggskip ligg i Fana. Nyleg tok 300 førsteklassingar i bruk Nordahl Grieg videregående skole.
AV: eva røyrane
MIDT I BUSTADOMRÅDET ligg den nye skulen ved Steinsvikvegen på Sørås. Med si karakteristiske og moderne form skil skuleanlegget seg kraftig ut frå bygningsmiljøet omkring.
- Nokon meiner det ser ut som om det har landa eit bygg frå ein annan planet, seier arkitekt Bjørn Feltens i Link Signatur. I lag med Roland Blaser er han hovudarkitekten bak dette som er blitt fylkeskommunen sin skryteskule nummer ein. Det ferdige skuleanlegget er så godt som identisk med det framlegget som vann konkurransen for fleire år sidan.
- Vanlegvis blir mange gode idear og intensjonar borte undervegs i ulike kompromiss fordi byggherren vil spara pengar. Det har ikkje skjedd her. Fylkeskommunen har vist seg som ein eksemplarisk byggherre, seier Rolf Maurseth, prosjektleiaren på arkitektkontoret.
SKULETORGET ved inngangen er ein park med rennande vatn, bølgjande betongdekke og utemøblar i kvit betong. Til høgre for vestibylen ligg undervisningslokala kledde i trelags glas, aluminium og ferdig eira kopar. Til venstre ligg fellesfunksjonane, med kantina fremst mot føremiddagssola og to gymsalar bakom.
Sjølve vestibylen som knyter saman dei to fløyene, er eit kjemperom som går over tre etasjar der trappene fungerer som sitjeplassar i fleire amfi. På eine sida av rommet ligg det store auditoriet som ein diger grønmåla kampestein, med tenkjeloft på taket.
Lengst oppe og bak i fellesbygget ligg biblioteket, med vindauge mot Leselunden, ein skjerma park med breie liggjestolar under nyplanta lauvtre. Bibliotekar Sigrid Kvarekvål låner gjerne ut flispledd saman med bøkene til elevar som vil ta seg ei leseøkt i det fri.
Her oppe på dette platået bak skulen ligg også ein kunstgrasbane med løpebaner rundt. Og bane for sandvolleyball. Bekken som renn inn i ein dam her oppe, vert leia under skuleanlegget og kjem ut att i den dresserte elva på skuletorget.
BIBLIOTEKET med alle bøkene skil seg ut i dette skuleanlegget som etter planen elles skal vera tilnærma papirfri sone. Den nye vidaregåande skulen er ein av dei mest teknologisk avanserte i sitt slag i landet. Her skal undervisninga i stor grad både formidlast og fordøyast ved hjelp av digitale hjelpemiddel.
- Der eg jobba før hadde eg kontorhyllene fulle av permar. No har eg ein einaste perm og datamaskina, seier assisterande rektor, Lise Holsen Skei. Ho fortel at arkitekturen har vore utgangspunktet for den organisasjonsbygginga dei er i gang med.
- Vi vil byggja ein open og inkluderande skule som også skal fungera som eit samfunnshus for nabolaget. Mange ønskjer å leiga lokale hos oss til ulike aktivitetar og arrangement. Det er trist når flotte nybygg som dette stengjer klokka fire, seier ho.
DRISTIGE HJERNER i samspill. Det er mottoet til skulen som vil vera eit senter for kreativitet, forsking og teknologi med eigen forskingsverkstad i realfagavdelinga.
Dristige hjerner er også namnet på det store auditoriet. Kantina heiter Til ungdommen, biblioteket lyder namnet Veien frem. Alle namna er sitat av forfattaren Nordahl Grieg som skulen er oppkalla etter. Også på veggene mange andre stader i bygget er forfattaren sitert. På baksida av det store auditoriet skimtar vi konturane av eit fly, også det til minne om forfattaren som omkom i ei flyulukke.
Skulen er såkalla knutepunktskule for hørselshemma, ein av fem slike skular i landet, men den første som er bygd for føremålet med teleslyngjer og anna nødvendig teknisk utstyr i tak og vegger.
YTTERVEGGENE er av glas, dei aller fleste innerveggene er av glas. Det er også nesten alle dører. På innvendige dører og på glasfelt i ytterveggen mellom vindauga er det sterke fargar. Ulike sitjemøblar i fellesareala er også med på å setja farge på skuleanlegget som over alt har svart gummigolv.
Skulen tilbyr undervisning i helse- og sosialfag, medier og kommunikasjon, service og samferdsel og studieførebuing. Kvar avdeling har sitt undervisingsområde med vanlege klasserom, eit større læringsområde og mindre grupperom, samt arbeidsplassar for lærarane. I tillegg kjem ulike spesialrom.
Dei 300 elevane som dette året har heile skulen for seg sjølve, får neste haust selskap av like mange nye. Om tre år er det 900 elevar på skulen som har kosta 465 millionar kroner.
Interiørarkitektane Ingeborg Hopland og Nina Frisk i Link Signatur, har hatt ansvar for innreiinga av skulebygget. Uteområdet er teikna av Smedsvig Landskapsarkitekter.
MANGE ELEVAR himla med augo då dei kom inn dørene første skuledagen.
- Å koma hit var som å koma til ei heilt ny verd. Denne skulen liknar ikkje på nokon skule eg har sett før, seier Christian Lambach. Han går på service og samferdsel og riggar seg til i leselunden for fotografen.
- Skulen er veldig stilig og så kjenner eg meg så velkomen her, seier han.
Hva synest du om skulen? Sei meininga di her.
