Strikkedilla

Kva med ein strikka puff, pute eller lampe?

Strikk i interiøret er ein av årets trendar og mange ønskjer å strikka seg noko nytt til heimen. Det har dei merka på Husfliden i Bergen.

- Me føl med på kva som er i tida, og såg at det var ein del strikk i interiøret på veg, fortel Irene Tørhaug, dagleg leiar ved Husfliden i Bergen.

- Me strikka ein puff og sette den i utstillingsvindauget og fekk enorm respons frå kundar som ville prøve å laga seg eit slikt lite møbel sjølv. Dei er superenkle å lage, legg ho til.

- Mange av kundane er unge vaksne i etablerarfasen som ikkje nødvendigvis har råd til å kjøpe designmøblar i dyre butikkar. Då kan dette vera eit godt og rimeleg alternativ.

Tova stolpute
Det er berre fantasien som set grenser for kva du kan strikka eller hekla til boligen din.

- Dersom du vil setta eit nytt preg på spisestova, kan du tove dine eigne underlag til stolsetet.

- Strikk ein firkant i det mønsteret og dei fargane du vil ha. Når du er ferdig hiv du den i vaskemaskina med ein kork grønsåpe, og vaskar på 50 grader. No kan du dra og forme den litt slik at den blir slik du vil ha den. Du kan også klippe i underlaget etter at det er tova.

Strikka puter
- Puter er det ein god del som innom og ønskjer å laga. Dei kan ein både strikka og hekla i alle slags fargar og mønster.

Ein kan også strikka ting som dukar, leiker, pledd og bordbrikker.

Lampe
- Det var ei ung jente innom her og sa ho ville laga seg ein lampe. Ho prøvde å forklara korleis den skulle bli, og då forstod eg at ein slik lampe laga eg sjølv då eg var 16 år gammal.

Slik gjorde eg det: Eg kjøpte ein badeball som eg blåste opp. Så surra eg garn rundt heile ballen, men lot det vera ein opning på toppen. eg brukte tapetlim og smurde inn alt garnet med, før eg lot ballen hengje til tørk eit par dagar. Når alt hadde tørka slapp eg lufta ut av badeballen og fekk den ut gjennom opninga på toppen.

Resultatet vart ein kjempefin lampeskjerm. Alt eg trong var ein lampeinnsats som eg festa inni. Lampen vart kjempefin og eg hadde den i mange år, fortel Tørhaug.

Strikker du? Syng ut i kommentarfeltet under!

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

  • Vanskeleghetgrad: Superenkel
  • Garnforbruk: 16 nøster vamsegarn
  • Pinner: rundpinne nr. 15


Slik gjer du:

Legg opp 35 masker med 4-dobbelt garn. Strikk rettmasker fram og tilbake til det er tomt for garn. Sy sammen i endane.

For å få form som en puff, snurper du sammen i den ene enden med garn, og knyter godt til.

Som fyll kan du bruke en gammel dyne e.l.

Snurp igjen i den andre enden - og vips så har du en hjemmelaget designpuff.

Relaterte bilder

DESIGNLAMPE: - Dersom du vil laga din eigen lampe, er dette eit fint garn å bruka, seier Irene Tørhaug, dagleg leiar ved Husfliden i Bergen.

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av