Stor interesse for BOB-byen
Interessa for å kjøpa bustad i den nye bydelen ved Damsgårdssundet er overveldande. 765 personar har sagt at dei kan tenkja seg å bu i den nye bydelen.
AV: eva røyrane
- DETTE ER LANGT FLEIRE enn vi torde håpa på, seier forretningsutviklar Wenche Øyan i BOB.
- Dette er dei som har meldt si interesse via nettsida vår. Det blir svært spanande å sjå kor mange som er reelle søkjarar, seier ho.
No blir dei første 41 leilegheitene i to bustadblokker på kaikanten lyste ut for sal. Søknadsfrist for BOB-medlemer er 9. oktober. Om kvelden onsdag 17. oktober er det kontraktsmøte. Då får dei med høgast ansiennitet velja på øvste hylle. Den kvelden blir det bestemt kven som blir pionerane i den nye bydelen.
- Det er frykteleg spanande å opna salet no når eigedomsmarknaden er såpass usikker. I fjor på desse tider ville vi ikkje ha vore det minste bekymra. No skal det vel godt gjerast om alle 41 bustadene går med ein gong, seier Øyan.
Det vil i tilfelle bety at det kan bli leilegheiter att til interesserte med nyare BOB-medlemskap.
DEI TO BLOKKENE, som er teikna av den anerkjende Oslo-arkitekten Kari Nissen Brodtkorp, har fått namnet Ternen borettslag. Fremst og øvst i bygga ligg dei største leilegheitene som er på fire rom pluss hems, til saman vel 140 kvadrat til ein pris på nesten sju millionar kroner. I blokkene er det også mindre husvære, blant anna 2-roms på 54 kvadrat som kostar frå 2,2 millionar kroner.
Blokkene har inngang frå Damsgårdsveien som skal bli miljøgate. I staden for innvendige trappeløp og korridorar, er det inngang til leilegheitene frå balkongar som heng utanpå blokkene. Dette skaper rom med dagslys inn frå minst to kantar. I tillegg har kvar leilegheit eigen balkong og begge blokkene har felles takterrasse. Mellom dei to bygga er det eit felles gardsrom. Framføre blokkene blir det ein offentleg kaipromenade med to båthamner. Dei som bur her får høve til parkeringsplass under nye bustadblokker på andre sida av gata.
- Dei beste leilegheitene går først, slik er det alltid. Vi trur at dette første av prosjekta ved Damsgårdssundet særleg vil appellera til dei godt vaksne kjøparane. Dei områda som skal byggjast ut seinare, vil passa betre for barnefamiliar, seier Øyan.
- DET FINE MED denne nye bydelen er at den etter kvart vil få bustader som passar for folk i alle slags livssituasjonar. Her vil det vera mogeleg å skapa eit svært mangfaldig bumiljø, seier Wenche Øyan.
Det blir byggjestart på Ternen borettslag like over jul så sant 60 prosent av bustadene er selde. Pionerane ved sundet skal kunna flytta inn sommaren 2009. Neste bustadprosjekt blir lagt ut for sal etter nyttår. Det ligg på andre sida av Damsgårdsveien, litt lengre sør. Her blir det større variasjon i bustadtypane. Langs Damsgårdsveien er det også planlagt næringslokale. Ved Markusplassen, der gangbrua skal gå over til Møhlenpris, blir det bygd barnehage. BOB ønskjer å få kommunen med på å gje dei som kjøper bustad her førrett til barnehageplass.
Les også
Siste fra Bolig
Relaterte bilder



