Slik skal Straume bli by
Sartor senter skal delast i to av allmenningen mellom Straumsfjellet og fjorden. På kvar side av senteret skal det byggjast ei hovudgate og ein offentleg plass.
AV: eva røyrane
MED BEGEISTRING vedtok Fjell kommunestyre i sommar å byggja by. No startar omforminga av Straume, den komande kystbyen. Eit av prosjekta blir å dela Sartor senter i to.
I lag har byplanleggjarar, politikarar og eigedomsutviklarar i Fjell til og med løyst den gordiske knuten: Korleis greia å innlemma Sartor senter, det svære kjøpesenteret, i ein ny og vellukka sentrumsstruktur? Svaret er at Sartor senter skal delast i to av ein gjennomgåande allmenning på tvers. På begge sider av senteret skal det liggja ein offentleg plass, ein i tilknyting til kvar av dei to hovudgatene i strilebyen, Foldnesvegen og Grønamyrsvegen. Allmenningen skal sno seg vidare mot sørvest og knyta senteret til sjøen.
– Vi kan ikkje riva senteret, det må gjerast om stykkevis og delt. Ombygginga kan ta 10 til 15 år. Vi må heile tida ta omsyn til at kjøpesenteret er i drift. Men vi skal greia det, for vi ser at grunntanken om å skapa offentlege møteplassar er god, seier Ernst Einarsen, eigaren av Sartor Senter og ein av dei to største eigedomsutviklarane på Straume. Den andre heiter Roy-Eddy Lie, eigande og administrerande i Liegruppen.
NO SIT DEI TO ved same bordet på eit møterom i eit kontorbygg i det til no temmeleg tilfeldig tilkomne kommunesenteret.
– Vi er nokså samstemte om at vi vil vera med på å skapa ein ny situasjon, seier Einarsen.
– Eg og Ernst er begge lokale aktørar som ønskjer å skapa ein fin plass med identitet. Vi vil byggja ein by med særpreg, ein plass som er annleis og som vi kan vera stolte av, seier .
Dei to konkurrentane har ikkje alltid vore så rørande samde som dei er i dag. Det har skjedd ting iløpet av prosessen fram til vedtaket som slår fast kva prinsipp som skal gjelda for bybygginga på Litlesotra.
– Då eg såg kva planleggjarane tenkte i starten, hadde eg lyst til å protestera. Men eg har kome til at det er mogelege måtar å løysa dette på, vi skal setja arkitektar på saka. Den Audi-arkitekturen som er teikna til no, blir ikkje bygd, seier Einarsen.
– Vi opplever for tida eit enormt press frå utbyggjarar og andre som vil etablera seg på Straume. Som sentrale grunneigarar er det opp til oss å leggja til rette for den vidare utviklinga her. Passar vi oss ikkje no, kan det lett går her som det gjorde i Åsane. Men vi vil meir enn å fordela areal, vi vil byggja by, seier Roy-Eddy Lie.
Å OMFORMA kommunesenteret Straume til by handlar om transformasjon av ein rimeleg nybygd tettstad. Store bygg frå nyare tid vil måtta rivast og byggjast om for at det skal vera mogeleg å realisera den vedtekne sentrumsplanen som arkitekt og byplanleggjar Hans-Jacob Roald har leia arbeidet med.
Han er glad for samarbeidet med grunneigarane.
– Det ideelle her hadde vore om det var ein eigar av området, men her er det fem store aktørar og to-tre mindre. Det er ei organisatorisk utfordring. Utan ei felles forståing om kvalitet, vil det ikkje vera mogeleg å setja den vedtekne planen ut i livet, seier Roald.
DEI FØRSTE byggjeprosjekta i det nye sentrumsområdet er alt melde inn til kommunen og arbeidet med å laga reguleringsplanar er i gang. Både Lie og Einarsen vil byggja bustader. Planen er byggjestart for dei første i løpet av vinteren.
– Dette er eit einebustadrike, med stort behov for andre buformer. På Straume skal det byggjast bustadblokker rundt Sartor senter. Alt frå unge folk til pensjonistar vil busetja seg her, meiner Roy Eddy Lie. Alt i dag er det eit par tusen arbeidsplassar på staden, mange fleire skal det bli. Kommunikasjonane til Bergen skal betrast ved hjelp av nytt fastlandssamband. I tillegg ligg det i sentrumsplanen for Straume at bybanen skal gå hit.
Ernst Einarsen har invitert dei tre arkitektkontora HLM Arkitektur & Plan, Studio Ludo og danske Schmidt Hammer Lassen til konkurranse om den nye sjøfronten på Straume. Han skal byggja 200-300 bustader, næringsareal og offentlege rom langs sundet sørom dei to bruene mellom Litlesotra og Bildøy. Dei to grunneigarane trur at utviklinga der raskt vil spreia seg over på andre sida av sundet, til Bildøy.
LIEGRUPPEN har store planar på Nordre Bildøy. Der vil dei byggja det dei har kalla for Kystbyen, som blir ei forlenging av Straume i nordvest. Arbeidet med å planleggja denne utbygginga går sin gang, men omforminga av det eksisterande Straume har for tida første prioritet, både i kommunen og hos grunneigarane.
Kommunen si oppgåve er å vera køordnar i eit veldig utviklingspress og å syta for at den nødvendige infrastrukturen som nye vegar og plassar, kjem på plass.
– Å vera planleggjar i Fjell nett no er som å sitja i ein bil som går på autopilot, seier Hans Jacob Roald.
– Det går veldig fort heile tida.
DET ER NO opp til eit nytt kommunestyre å realisera dei planane det tidlegare regimet vedtok. Dei tre rundt møtebordet på Straume er samde om at Straumeplanen vitnar om modige politikarar med vilje til nyskaping.
Den nye ordføraren i Fjell, høgremannen Lars Lie, seier han ser positivt på planane for ei utvikling av og rundt Straume, men at desse må tilpassast planlegginga av det nye fastlandssambandet. Alle komande tiltak som kan tenkja seg å kunna koma i konflikt med komande vegtrasear, vil måtta føreleggjast kommunestyret, seier han.
Planlegginga av det nye og svært nødvendige hovudsambandet til Bergen, er i ein tidleg fase, og det er snakk om å innføra byggje- og delingsforbod langs tenkjelege vegtrasear. Ved avkjørsla til Straume sentrum vil vegsystemet krevja eit spesielt stort område, det blir ei stor utfordring å takla den trafikale situasjonen her, seier ordføraren.



