Skjult perle på USF Verftet

Denne handlegata har du ikkje sett før.



Litt bortgøymt, men med idyllisk plassering, ligg kunstverkstadene tett i tett på kaien, på USF. Ein torsdag i månaden har dei opne dører. Utanfor står kunsthandverk ein kan kjøpa, eller berre kikka på.

- Me vil verta meir synlege, for det er mange som ikkje veit om at me er her fortel billed,- og tekstilkunstnar Anne Knutsen. Difor har nokre av kunstnarane gått sammen om ein open dag, ein gong i månaden. Knutsen har verkstad og butikk over to etasjar. I naboverkstadane finn ein mellom anna produksjon av glass, klede, vesker og keramikk.



Byens særpreg
Knutsen er oppteken av at ikkje alle byar må bli like, og at ein må dyrke særpreget. - Det kan ikkje bli slik at me berre har H&M og Deli de Luca over alt. USF Verftet, og det kreative miljøet her, er ein stad som er unik for Bergen. Det vil me gjerne dele med andre.



Lag ein kopp
I tillegg til å vise og selje kunst, kan ein også vera med i delar av produksjonen. Hjå glassblåsar Beda Maria Johanson kan ein få blåse sitt eige glas, og hjå keramikar Sarah Reed kan ein ta med eit blad og få avtrykket av det i ein kopp.

- Alle kunstnarane har opna, så ein kan også få vite og sjå meir av produksjonen som foregår.



Kunstnarane som går saman om open torsdag på USF er:

  • Anne Knutsen: Billedkunstner og tekstildesigner
  • Kristin Selboskar: Smykker
  • Sarah Reed: Keramikk
  • Gro Aakenes Sævig: Klede-tekstil
  • Beda Maria Johanson: Glass
  • Aud Lavik: Vesker
  • Marta Nerhus: Kunst
  • Amalie Rosenquist: Klede


Neste open dag på kaien ved USF Verftet er 17. juni.

Les også

Siste fra Bolig

350 nye boliger på Sotra

Prislappen er på rundt en milliard kroner.

Skandaleboligene
går over takst

De to eneboligene i Bremanger er fulle av feil, men selges flere hundre tusen kroner over takst.

Rekordsalg selv om en hel etasje må pusses opp

- Det var en veldig høy pris, sier megler-leder.

- Sponheim bør få sparken

Dag Skansen (H) ber statsråd Erik Solheim avskjedige fylkesmann Lars Sponheim.  - Han er blitt en fiende av Bergen!

Stanser gigantplaner i Åsane

Fylkesmannen er fornøyd med antallet parkeringsplasser, men vil likevel stoppe planene.

- Kjøperne må være blinde

Denne fargebomben i Åsane gikk til 900.000 over takst...

Relaterte bilder

VED SJØEN: Kunstnarane opnar verkstadane sine ein gong i månaden. ALLE FOTO: Charlotte Helleland.

BLOMAR OG BÆR: Anne Knutsen stiller ut tekstildesign i første etasje av verkstaden sin.

KLEDE: Tekstilkunstnarane Amalie Rosenquist og Gro Aakenes Sævig stiller ut nokre av kleda dei produserer.

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet