• FAKSIMILE

Sel heil vestlandsfjord

Ti år etter at dei flytta til Finnabotn i Sogn, sel ekteparet Turid Ski Findebotten og Ingebrigt Røyrvik Findebotten den unike eigedomen. Det same gjer dei andre grunneigarane.

«Vestlandsfjord til sals», stod det i den heilsides annonsen som i går stod på trykk i Bergens Tidende.

Inst i denne vestlandsfjorden ligg ein av dei mest spektakulære stadene i fjord-Norge.

10,6 millionar

 I den veglause grenda Finnabotn er no alle tre eigedomane til sals. For 10,6 millionar kan ein kjøpar sikre seg tre bustadhus, gjestehus med ni hotellrom, driftsbygning, naust, kai og nesten 1000 mål inn- og utmark med jaktrettar.

- Det har vore ei tung avgjerd å ta. Men det var ikkje mogleg for oss å drive lenger, seier Turid Ski Findebotten til bt.no. Dei flytta i vår tilbake til Austlandet dit dei kom frå i 2002.

Historia om storfamilien som flytta til fjordarmen i Vik kommune, har gått landet rundt.

Det hadde ikkje vore fastbuande i Finnabotn sidan 1967 då Turid og Ingebrigt slo seg ned på farsgarden hans. Dei selde bensinstasjonen dei dreiv i Røyken utanfor Oslo, for å satse på turisme ved Sognefjorden.

- Går ikkje lenger

Med dei var dotter hennar, svigersonen og deira nyfødde barn, men dei drog for nokre år sidan.

- Då vi starta var vi åtte hender. No er vi berre to, sidan Ingebrigt har hatt ein ryggeoperasjon som ikkje var veldig vellukka. Og så lenge det ikkje er økonomi til å leige inn hjelp, går det ikkje lenger.

Turid Ski Findebotten seier dei har vurdert fram og tilbake i to år, før dei for eit halvt års tid sidan tok avgjerda.

- Då det viste seg at dei andre grunneigarane også var interesserte i å selje, valde vi å leggje alt ut for sal under eitt.

- De satsa på turisme. Er det mogleg å leve av det på ein veglaus stad inst i ein fjord?

- Ja. Vi har hatt agentar som har sikra oss kundar i det vi kallar «high end» av reiselivsnæringa. Vi snakkar om folk som har pengar og eg villige til å betale for unike opplevingar. Vi bur i eit høgkostland, men hos utlendingar med god råd gjev det ein viss status å ha vore i Norge. Vi har sett at dette segmentet er aukande.

Neste laurdag skal det vere visning.

 

Les også

Siste fra Bolig

Her er Norges dyreste boliger

Lyst på dette huset til 110 millioner kroner? Luksusvillaene er til salgs - men du finner dem neppe på Finn.no.

Mest klager på Iphone-dekningen

Folk kjøper feil telefon, mener Telenor.

«Det gamle porselenet fra
bestemor» kan ha høy verdi

Dette serviset ble solgt for 15.000 kroner. Sitter du på en gullgruve?

Slik blir du kvitt løvetannen

Har du problemer med snegler også? Se hva som skjer når du samler løvetannen i en haug.

Steve Wheen lager blomsterbed i fortaussprekker

Selv Oprah Winfrey har lagt merke til Steve Wheen.

Her har de tenkt på alt

Vennene sa det var umulig med et sentralt hjem til fornuftig pris. Men Astrid og mannen klarte det.