• GREIP INN: Etter møte med Byantikvaren vil eigaren av Villa Harmoni fjerna alle dei nyinnsette plastvindauga. Den staselege villaen med tuntre pyntar opp lengst bak i Hansaparken. Huset frå 1796 var eit av dei første i Kalfaret.

    FOTO: Helge Sunde

Plasttabben

Meir enn 40 nyinnsette vindauge i verneverdige Villa Harmoni må skiftast fordi dei er av plast.

Etter eit møte med Byantikvaren før påske er det klart at eigaren vil skifta ut alle dei nyinnsette plastvindauga.

- Vi trudde ikkje huset var så gammalt som det er, og var ikkje informert om at huset er verneverdig, seier Robert Havre. Han er dagleg leiar for selskapet Estate Rent.

Dei siste åra har den gule villaen, som ligg lengst bak i Hansaparken, med inngang frå Kalvedalsveien, skifta eigar mange gonger. Noverande eigar er Estate Rent as. Huset er for tida ein byggjeplass. Meir enn 40 vindauge er skifta ut. Inne er huset under ombygging.

Då kommunen oppdaga at det er sett inn PVC-vindauge i den verneverdige bygningen, blei arbeidet i huset stansa mellombels. Saka hamna hos Byantikvaren.

Havre hevdar eigarselskapet ikkje vart informert om at bygningsmyndigheitene stiller krav til utforming av fasadar og kva slag bygningsmaterialer som må nyttast. Han seier at PVC-vindauga som er sette inn, har same stil og utsjånad som dei gamle vindauga som var i villaen.

- Hadde vi vorte informert på førehand, hadde vi aldri nytta i PVC, seier han.

Han karakteriserer dialogen han har hatt med Byantikvaren som god. Men han legg til at Estate Rent vil vurdera å gå til søksmål mot meklaren fordi det ikkje er gjeve korrekt informasjon om huset ved salet.

- Bør ikkje skje
Byantikvar Siri Myrvoll seier at ein ikkje bør setja vindauge av plast inn i slike gamle hus.

- Vi opplever ofte at dette skjer, og at folk byter vindauge i beste meining. Problemet er at dei har for liten kunnskap om kvaliteten på dei ulike vindauga. Vi innser no at vi må prøva å nå ut med meir informasjon på dette feltet, seier Myrvoll.

- Treverket i gamle vindauge er ofte svært godt, mykje betre enn i nyare, seier ho.

Men i dette tilfellet er altså treverket bytt ut med plast. Alle karmane og rammene rundt dei godt isolerte rutene er i kvit PVC. Midtstolpane i dei oppdelte vindauga er synleg breiare enn i tradisjonelle vindauge av denne typen. Det blenkjer i den glatte plasten når sola skin.

Fekk sveitserstil
Villa Harmoni er eit staseleg bygg som fekk sveitserpreget etter ei ombygging i siste halvdel av 1800-talet. Eigedommen vart etablert som lyststad i 1796, same året som Bellevue blei bygd. Villa Harmoni er eit av dei seks eldste husa i Kalfaret.

Først i 1860-åra etablerte bergensarane seg som fastbuande på Kalfaret. Konsul Jens Gran gjorde Villa Harmoni om til heilårsbustad i 1867. Seinare var konsul Wollert Konow eigar. I 1937 overtok Hansa Bryggeri eigedommen. Huset blei brukt som bustad for tilsette ved bryggjeriet. Dei måtte flytta ut då Orkla-konsernet kom inn i 1997.

Sidan har mellom andre Alfa Salhus Eiendom AS, Hansaparken AS, Hansagårdene AS og EGD Property AS vore eigarar av Villa Harmoni. Fleire av desse har hatt planar om å byggja om huset innvendig, nokre har snakka om leilegheiter, andre om studenthyblar.

Den nye eigaren vil leiga huset ut som kombinert forretnings- og bustadhus.

Men det skjer først etter at alle plastvindauga er bytt ut.

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

Relaterte bilder

MÅ BYTAST: Nye plastvindauge FOTO: Helge Sunde

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av