-
FOTO: INGE DRAUGSVOLL
Myrkdalen - ferieparadis eller turistmaskin?
Ved hjelp av 8-10 millardar kroner skal Myrkdalen forvandlast. Talet på fritidsbustader skal opp frå 400 til 3400. Her kjem fem nye skiheisar og fire-fem hotell.
AV: eva røyrane
På eit lite område nord i Myrkdalen ligg Voss Fjellandsby. Snart startar storutbygginga som tek heile resten av dalen i bruk.
DEI FLESTE grunneigarane i Myrkdalen har ikkje teke skrekken av alpin- og hytteutbygginga som har pågått i Voss Fjellandsby sidan 2002. Tvert imot, no vil fleire vera med på leiken. Myrkdølene har delteke i planlegginga av det som kan bli Vestlandet sitt svar på Trysil. Kommunestyret på Voss godkjende i sist veke kommunedelplanen som seier at det kan byggjast 3400 nye fritidsbustader og fem nye skiheisar i Myrkdalen.
-Dette er ei enormt svær sak, den største og mest omfattande eg har vore borte i på mine tolv år i denne jobben, seier rådmannen på Voss, Einar Hauge. Berre partiet Raudt røysta mot storutbygginga som vil endra livet i Myrkdalen totalt.
Sjå grafikk som syner utbygginga
-EIN MILLIARD kroner er til no investert i skianlegg og 300 fritidsbustader i Voss Fjellandsby. Den planlagde utvidinga kan bety at det samla vil bli investert åtte til ti milliardar kroner i denne vesle bygda ved foten av Vikafjellet. Det er Nils Akselberg, dagleg leiar i Voss Fjellandsby, som prøver å gje oss eit bilete på omfanget av det som skal skje.
- Etterspurnaden etter tomter og feriehusvære har vore større enn venta i fjellandsbyen. Investorane våre har tru på ei vidareutvikling av Myrkdalen som heilårs feriestad, først og fremst for familiefolk i bergensområdet. Målet er å bli ein av de beste destinasjonane i landet, seier Akselberg.
Seks av grunneigarane i dalen har delteke i utbygginga av fjellandsbyen så langt. Frå no av blir mellom 20 og 30 grunneigarar medverkande i arbeidet med å forvandla fjellbygda. Berre eit lite fåtal av dei som eig gard og grunn blir ståande på sidelina. Nokre av desse seier i ei fråsegn til kommunedelplanen at dei meiner den store utbygginga vil øydeleggja eigenart og mangfald i bygda og gjera Myrkdalen til ei turistmaskin.
LIENE I MYRKDALEN skal kleast med hus; frittståande hytter, rekkjehus og blokker med opptil 12 husvære i. Tettast blir utbygginga på gardane Skjervheim og Mørkve og oppe i dalbotnen som heiter Hyrtamyrane. Her blir det planlagt for 900 bueiningar i tette hyttefelt. I tillegg kjem 500 husvære i Myrkdalen bygdasenter og i tilknyting til dei nye skiheisane.
- Det skal byggjast konsentrert, men litt annleis enn i fjellandsbyen til no, seier Nils Akselberg,
- Den vidare utbygginga vil ta vare på meir av vegetasjonen og leggja vekt på at bygningane vert tilpassa landskapet best mogeleg, seier han.
Fylkesmannen protesterte mot den planen som først blei presentert. Planleggjarane i Voss Fjellandsby har måtta ta ut den vestre skiheisen på Skjervheim av omsyn til villreinen, og dei øvste hyttene i same området av omsyn til landskapet. Planlagd utbygging på Årmot, Nesheim og Ulvund, på austsida av dalen, er droppa på grunn av konfliktar med natur- og kulturtilhøve.
VOSS FJELLANDSBY skal utvidast kraftig omkring stolheisen. Det skal byggjast tett på begge sider av ei gågate som vil strekkja seg over halvannan kilometer langs riksvegen mellom Vossestrand Hotel og Helgatun Pensjonat. Etter påske går entreprenøren i gang med å reisa eit av fleire nye leilegheitsbygg her. Til våren startar også bygginga av eit hotell som kjem til å ruva fem etasjar over bakken.
Planen er å byggja kring 70 nye husvære i året i denne delen av fjellandsbyen. Først om 30 år vil byen i tilfelle vera ferdig utbygd.
Elles i dalen vert det snakka om ei utbyggingstid på 15 til 20 år. I området Skjervheim/Mørkve trur Nils Akselberg det kan bli snakk om byggjestart i 2011. Her kan grunneigarane gå saman om å finansiera utbygginga, skaffa eigne investorar eller be om samarbeid med Voss Fjellandsby.
- Vi blir gjerne med på laget om nokon inviterer til det, seier Akselberg.
No skal det lagast detaljerte reguleringsplanar for dei ulike utbyggingsområda.
FEM NYE skiheisar skal byggjast, ein på Skjervheim, to opp frå Hyrtamyrane, ein like ved Bygardslia og ein nord for dei eksisterande alpinbakkane.
I alt blir 1700 mål lauvskog og beiteland og 120 mål dyrkamark innlemma i det nye hyttelandet. Voss Naturvernlag har protestert mot planane som dei meiner er "utanfor fornuftige proporsjonar". Naturvernlaget meiner sårbare li- og fjellområde vil bli ofra for grenselaus kommers.
Bergen Turlag er bekymra for at utbygginga blir for omfattande, at friluftsverdiane i området vert svekka.
Mange undrar seg over korleis vegsystemet skal klara å ta unna all trafikken til og frå Myrkdalen i framtida. I første omgang er Statens vegvesen mest oppteken av strekninga frå brua i Myrkdalen og opp til Voss Fjellandsby, som treng snarleg opprusting. Vegvesenet føreset at utbyggjarane i Myrkdalen tar kostnader også med nødvendig vegbygging.
Sei di meining om planane!
