• KAMUFLERT: Dette hyttebygget eller skuret i Fitjarøyane fanga politiet og byggjesaksmyndet si spesielle interesse under strandsoneaksjonen i 2008. ARKIVFOTO: Odd E. Nerbø

Må rive ned hytta

For første gong i Norge er ein hytteeigar dømt til å rive hytta si.

Les også:

Mannen som sto tiltalt etter plan- og bygningslova, nekta straffeskuld for at han ulovleg har bygt og brukt ei hytte og eit kaianlegg på eigedommen sin på Teistholmen i Fitjar.

Men han blei dømt 30. oktober i fjor. Mannen anka dommen på grunn av at han meinte Fitjar kommune si sakshandsaming var feil.

No er anken trekt. Dermed er dommen rettskraftig.

Det har aldri tidlegare blitt gitt dom for eit borgarleg rettskrav om riving i ei straffesak etter plan- og bygningslova.

Eit borgarleg rettskrav er eit sivilrettsleg krav teke opp i ei straffesak. I denne saka tyder det at domstolen har teke stilling til om den ulovleg oppførte bygningen skal rivast eller ikkje.

- Sjølv om han hadde vunne fram, ville han berre vore attende på nullpunktet. Då kunne Fitjar likevel ha kravd at han skulle rive. Derfor ville han ikkje bruke tid og ressursar på ein anke, seier forsvarar Frode Skogvold.

Byggjetiltak i Fitjar-øyane blir vurdert ekstra strengt fordi det er både strandsone, LNF-område (landbruk, natur, fritid) og er tillagt særskilde, nasjonale verdiar.

Første prøvestein
Hyttebygginga på Teistholmen var eitt av fire politimelde strandsonesaker etter ein hemmeleg aksjon 14. og 15. april 2008. Politiet, Fitjar kommune, Kystvakten og Fylkesmannen deltok, med media på slep, og avslørte rundt 20 byggjeforhold som blei vurdert som ulovlege.

Andre saker har blitt avgjort med bøter. To saker har så langt vore handsama av tingretten.

I dommen blei tiltalte dømt til å betale ei bot på kr. 80.000, sakskostnader til kommunen med kr. 18.000 og sakskostnader til det offentlege med kr. 5000. I tillegg blei han dømt til å «tilbakeføra, det vil seie riva, og fjerna materialar, av skur/uthus/utedo/hytte og terrasse.»

- Framleis skuffa
- No vil han ta kontakt med Fitjar kommune om korleis saka skal løysast i praksis, seier Skogvold.

Han legg til at hytteeigaren framleis er skuffa over Fitjar si sakshandsaming.

Les også

Synspunkt? Sei meininga di.

Les også

Siste fra Bolig

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Gi gass med glass

Boligbloggeren viser deg hvordan du setter opp praktiske glassplater over kjøkkenbenken.

Her er det feil for 5,4 millioner

To nye eneboliger kan gå på «billigsalg».

Slik fikk hun et møblert hjem gratis

Alida Fjermestad (31) har innredet leiligheten sin med møbler andre ville kaste. På gratistorget hos Finn.no har annonsemengden økt med 35 prosent i 2011.

Dette er ei campingvogn!

På nettet fann Cathrine Bysheim ei heimesnikra campingvogn i Australia. Bli med inn!

Dette er eit bord

Elleve møbelstudentar frå Bergen klar for årets store møbelfest. Sjå bileta.

Relaterte bilder

KAMOHYTTE: - Snakk om kamuflasje, utbraut politiet då dei fann denne hytta under «Operasjon strandsone» i Fitjar. Hytteeigaren er no dømt. ARKIVFOTO: Odd E. Nerbø

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet