Lynkur for Legenes Hus

I løpet av fjorten dagar i september har det skjedd ei forvandling i Kalfarveien 37. I sveitservillaen frå 1868 har tradisjonen møtt det moderne.

PASIENTEN var sliten, på grensa til å vera utbrend. Dei staselege selskapslokala var ikkje så ettertrakta som før. Brudepar, jubilantar og doktorandar valde andre etablissement for festivitas.

Hordaland Legeforening, som eig huset, tok grep og kontakt med kokkane i Søtt & Salt som straks skreiv ut resepten: Ein dose medikamentell behandling, men først og fremst mykje omsorg og kjærleik.

- Vår moderne mat ville ikkje ha passa inn slik det såg ut her, seier Fredrik Sørensen i Søtt & Salt som tok over drifta frå 1. september.

Interiøret er pussa opp med Per Olav Sølvberg som entusiastisk primus motor. Han har lagt lærarjobben på hylla for å vera vert, driftssjef og kunstnarleg leiar for selskaps- og konferanselokala i den store gule trevillaen som opphavleg tilhøyrde familien Gade.

DEI TO SISTE VEKENE har golvsliparar, tapetserarar og målarar behandla golv og vegger. Foajeen som hadde raud tapet, er måla grå, den lakserosa spisestova har fått ny, heilt lys tapet. Salongen med mørk grøn lintapet er løfta ved hjelp av kvitmåla listverk og karmar. I det klassisk møblerte biblioteket er einaste inngrepet eit nymåla og lysare tak. Her inne har gardinene fått henga. Dei er borte over alt elles.

- Dette er det kjekkaste eg nokon gong har gjort, seier Per Olav Sølvberg. Han har hatt frie hender og er tydeleg stolt over å visa fram resultatet.

- Vi har vore opptekne av å ta vare på sjela og sjarmen til denne gamle villaen. Det er inga omfattande rehabilitering som er føreteken, men vi har pusta nytt liv i huset ved hjelp av overflatebehandling og ved å utfordra tradisjonen. Eg synest vi har lukkast i å blanda det gamle med det nye, seier han.

BORTSETT FRÅ nye runde bord i spisestova, og eit i foajeen, er møblane dei same gamle, med knirk og patina. Sølvberg har berre flytta litt på nokon av dei. Det svarte flygelet har han plassert ved eit karnapp. Høge speglar og rause blomsteroppsatsar dekorerer romma. Mahognimøblementa har fått selskap av plastlampane til den franske designaren Philippe Stark.

Legestanden overvakar det heile frå portrettmåleria på veggen. Ingen av Legeforeningen sine tidlegare formenn har så langt ramla ut av ramma på grunn av det dei har vore vitne til.

- Tilbakemeldingane vi har fått til no er gode, men sjølvsagt er vi spente på kva dei eldste og mest konservative meiner om resultatet, seier Fredrik Sørensen.

SIST LAURDAG kunne Per Olav Sølvberg ønskja velkomen til det første selskapet, feiringa av ein femtiårsdag. Han har bra med bestillingar for tida før jul, og brudlaupsesongen 2010 er så godt som fullbooka. I tillegg til selskap i stovene, tilbyr han lokale og lunsj til kurs og konferansar.

- Vi håpar dette er blitt ein plass folk vil kjenna seg heime og at stemninga her skal vera både avslappande og inspirerande, seier han.

Moderne rekvisittar til innreiinga har Sølvberg henta heim frå London og København. No gler han seg til ny Londontur for å handla julepynt.

- Det blir fantastisk å få lov til å pynta til jul i dette huset. Dette kjem til å bli det julehuset, seier Sølvberg.

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av