• To view this page ensure that Adobe Flash Player version 10.1.0 or greater is installed.

    Get Adobe Flash player

    Vil ha fleire arbeidsplassar

    FINT FOR AUGET: Estetiske og praktiske omsyn i konflikt på Studentsenteret. VIDEOJOURNALIST: Charlotte Helleland.

Lekkert, men...

Her kunne studentane tenke seg nokre arbeidsplassar. Men det kom i konflikt med arkitekturen.

Det er eit år sidan leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, Synnøve Mjeldheim Skaar, begynte å jobbe for å få arbeidsplassar i det nye studentsenteret.

- Behovet for å kunne sitte og jobbe, gjerne saman med andre, er stort, seier Skaar. Ho er overraska over kor tungt dei arkitektoniske omsyna veg, i forhold til dei praktiske behova for studentane.

- I utgangspunktet var det ingen arbeidsplassar på det nye studentsenteret. Ein del sitt og jobbar i kantina, men det er lite populært å ta opp plassar for spisegjester.

I eit stort opent område i 2. etasje, vart det foreslått å sette opp bord og stolar. Men dette kom i konflikt med arkitekturen og designet i bygget.

Ifølgje studentavisa Studvest, har også bokhandelen Studia hatt problem med innreiinga i butikken, som følgje av arkitekturen.

Mange omsyn
Even Berge, eigedomsdirektør ved UIB, seier at det aldri har vore planen at det skal vera studentarbeidsplassar ved studentsenteret.

- Arbeids-og lesesalsplassar skal høyre til fakulteta. Når studentane no har sagt at dette er eit behov, har me prøvd å imøtekomme det, seier Berge. I det opne området i 2. Etasje er det no sett ut 12 arbeidsstolar der studentane kan sitje og jobbe.

- Me er glade for tiltaket, sjølv om me hadde håpa på fleire plassar og og ei litt meir skjerma løysing. Det tok også svært lang tid, om lag eit år, å få dette på plass, seier Skaar.

NYE STOLAR: Desse stolane vart valgt som alternativ for folk som vil sitta og jobba på studentsenteret. - Ikkje heilt den løysinga me hadde tenkt, men eit greit kompromiss, seier Skaar.

Kunstnarisk lys
Framleis er størstedelen av området i opent. I utgangspunktet planlagt for studentregistrering ved semesterstart, til utstillingar og liknande. I tillegg er det ei kunstarisk utsmykking i taket.

- Kunstverket treng eit spesielt lys. Dette kom i konflikt med arbeidslys ved ved nye arbeidsplassar, fortel Berge.

- Kor ofte blir det store området brukt?

- Me skulle ønskje at det vart brukt oftare. Samtidig det er viktig å finne balansegangen mellom praktiske og estetiske omsyn. Berge understrekar at dei i det store og det heile er veldig godt nøgde med det nye studentsenteret, og at dei i dei aller fleste tilfelle prøver å imøtegå studentane sine behov så mykje som mogleg.

- Blant anna har det kome forslag om eit stille bønerom, og det prøver me no å få til på studentsenteret.

- Er ikkje arbeidsplassar viktigare på eit studentsenter?

- Som sagt, det har ikkje vore planen å ha arbeidsplassar, så i så fall må det kome eit regimeskifte på dette området.

Me må ivareta det nye bygget slik at det framleis er fint i mange år framover, og at det ikkje blir totalt kaos, seier Berge.

Ikkje fint nok
Også avisstativ og hyller for informasjonsmateriell har tidlegare blitt uglesett fordi dei ikkje passar inn i det nye praktbygget.

- Eg syns det var veldig rart at me fekk beskjed om at stativa for studentavisa Studvest ikkje var fine nok.

- Det vart ein diskusjon rundt dette, men no er dei godkjede, fortel Skaar.

- Men er ikkje studentane opptekne av det visuelle?

- Jo så absolutt, og me er i det store og det heile veldig godt nøgde med det nye bygget. Men når dei praktiske og dei estetiske omsyna kjem i konflikt, meiner eg studentane sine behov bør vege tyngst. Dette er trass alt eit bygg som er til for studentane sin del, seier Skaar.

Hva mener du om det nye studentsenteret? Si din mening her.

Les også

Siste fra Bolig

Her er det feil for 5,4 millioner

To nye eneboliger kan gå på «billigsalg».

Slik fikk hun et møblert hjem gratis

Alida Fjermestad (31) har innredet leiligheten sin med møbler andre ville kaste. På gratistorget hos Finn.no har annonsemengden økt med 35 prosent i 2011.

Dette er ei campingvogn!

På nettet fann Cathrine Bysheim ei heimesnikra campingvogn i Australia. Bli med inn!

Dette er eit bord

Elleve møbelstudentar frå Bergen klar for årets store møbelfest. Sjå bileta.

På denne øyen er det full strid

Kommunen vil ha hyttesenter. Det vil <i>ikke</> de fastboende.

- Norske boligpriser er 15-20 prosent for høye

Det internasjonale pengefondet (IMF) mener boligmarkedet i Norge er i ferd med å bli en boble.

Relaterte bilder

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet