Leikeplass for arkitekten

Ved hjelp av ein kreativ vinkel har familien i Haukedalsbotn 43 i Åsane fått eit bustadhus utanom det vanlege.

DET VAR TO TING som var spesielt viktige for Siw Østensen og Ulrik Nygaard: Mest mogeleg av skogen på tomta skulle takast vare på, og dei ønskte seg ein stor uteplass under tak.

No står huset der. Uteplassen på 70 kvadrat ligg under midtpartiet på huset og blir brukt både til leik, til måltid og festar utadørs og til parkering. I blåbærskogen bak huset skal det bli bålplass under dei høge furukronene. Ei gangbru frå andre høgda vil føra rett ut i blåbærlyngen.

Paret vurderte om dei skulle byggja eit ferdighus. Dei hadde funne eit funkishus i ein av katalogane.

- Men vi fekk det ikkje til å passa inn på tomta. Løysinga vi valde, blei både dyrare og meir krevjande enn ferdighusvarianten, men vi er svært glade for at vi gjorde det på denne måten, seier Ulrik Nygaard.

Det er arkitekt Sixten Rahlff på arkitektkontoret 3RW som har teikna huset. For å få plassert bygget tettast mogeleg inntil det som er att av den skogkledde haugen, laga han ein knekk i konstruksjonen, ein vinkel som vrei ein del av andre etasje bakover i høve til første høgda. Den vridde vinkelen kviler på søyler. På den måten skaffa han også byggherrane uterommet dei hadde lyst på, og ein stor terrasse på framsida av huset.

- Det er litt spesielt at oppdragsgjevaren gir avkall på inneareal for å få eit brukande uteområde under tak, seier arkitekten fornøgd.

HUSET ER NEMLEG IKKJE så stort som det ser ut til. Første etasje er svært liten, har berre ein romsleg gang med garderobe, eit kombinert toalett og vaskerom og eit soverom.

I enden av det overbygde uterommet ligg ei bod. Veggene i uterommet har arkitekten kledd med fliser for å skapa ein forfina kontrast til den grovare pussa lecamuren. Huseigarane bestemte at huset skulle vera brunt, dei synest det passar bra her i furuskogen.

Frå garderoben går ei brei, kvit trapp opp i stova som er eit langt, litt smalt allrom med fleire skeive vinklar.

- Det er ikkje det lettaste rommet å møblera, men det fungerer, det er eit svært godt rom å vera i med alt lyset, seier Ulrik Nygaard. Sola fløymer inn gjennom vindauga på begge langveggene. I sofaen ligg elleve år gamle Nicklas med brekt bein og les. Åtte år gamle Lykke ser på fjernsyn. Veslesyster Lerke på tre er i barnehagen, mamma, som er sjukepleiar, er på jobb.

Stoveglasa mot sør serverer utsikt over Eidsvåg mot Rundemannen og Sandviksfjellet og til Askøybrua. Over kjøkendisken får vi nærkontakt med furuskogen.

- SIXTEN RAHLFF har leika seg med vinklane i dette huset, det er tydeleg at han er eit Steinerskulebarn, seier Nygaard, som skryter av samarbeidet både med arkitekten og med murmeisteren som bygde huset.

- Huset har ein komplisert og krevjande konstruksjon. Bygginga var ein nervepirrande prosess for oss som stod på sidelina. Vi måtte berre håpa på at dei ansvarlege hadde greie på det dei heldt på med, og det hadde dei tydelegvis, seier huseigaren.

- Sixten var sprengfull av idear undervegs. Saman fann vi ut kva som var fornuftig og mogeleg å gjennomføra, noko blei litt for alternativt for oss.

Ulrik Nygaard frå Danmark er vekependlande pilot med stasjon i Alta. Det er fire år sidan familien flytta frå Danmark til Haukedalsbotn. Dei tre første åra budde dei i første etasjen hos Siw Østensen sine foreldre. Ho er nemleg oppvaksen her, i nabohuset.

- HUSET VÅRT måtte ha flatt tak av omsyn til naboen bak. Vi er glade for å sleppa å ha rom med skråtak, seier Ulrik.

Arkitekt Sixten Rahlff kom på banen fordi han er kompis med son til den tidlegare omtala naboen.

- Han leika i skogen her som gutunge, no fekk han sjansen til å leika seg her som arkitekt, seier Nygaard.

- Vel, det blei ikkje så mykje leiking i skogen, men bruk gjerne det poenget om du treng det, ler arkitekten.

Bak endeveggen i stova ligg eit kombinert leikerom og kontor som også er inngang til to soverom og bad.

FAMILIEN som bur her er svært begeistra for terrassen som kviler på soverommet i første etasje. No er også rekkverket på plass der, og varmepumpa på veggen er kamuflert.

- Det skal bli plen på framsida av huset, og ein bøkehekk mot vegen, fortel Ulrik Nygaard. I fjellskjeringa, såret etter utsprenging av tomta, skal det plantast mest mogeleg.

Første nyttårsdag for eit år sidan flytta familien inn i huset som kom på kring fire millionar kroner.

- Vi hadde nok spart kring ein halv million på å velja eit ferdighus, men det er vi svært glade for at vi ikkje gjorde, seier Ulrik Nygaard.

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av