Kraftline som begeistrar
Svenske arkitektar har greidd det kunststykket det er å skapa ei kraftline som folk vil ha.
AV: eva røyrane
– VI HAR IKKJE BERRE fått folk til å akseptera kraftlina, dei likar henne og seier dei heller vil ha kraftlina enn eit tomrom, seier Bjørn Ekelund, planleggingsarkitekt og doktorand hos det svenske arkitekt- og konsulentfirmaet SWECO.
Saman med kollegaer har han teikna og bygd modell av ei 700 meter lang kraftline gjennom ein park ved det tekniske universitetet i Luleå.
I ti år har det vore debatt om den eksisterande kraftlina som går forbi universitetet, ei heilt vanleg line med stolpar og leidningar. Både universitetet og kommunen har prøvd å få kraftselskapet til å grava lina ned, men utan resultat.
SWECO sitt framlegg til ny kraftline er ikkje realisert, berre laga modell og fotomontasje av. Denne visjonen av ei kraftline er presentert for folk i området over tid og doktoranden har forska på korleis lina vert motteken.
– Det vanlege er at folk opplever at kraftliner tar plass, at dei er stygge og farlege. I Luleå opplever vi at folk likar forslaget til ny kraftline, seier Bjørn Ekelund.
– Vi har sett på kva mogelegheit arkitektar har til å påverka opplevinga av installasjonar som dette, og vi ser at utforminga er heilt avgjerande for korleis folk opplever situasjonen, seier han.
DEN ALTERNATIVE kraftlina er bygd av slanke stolpar og eit tilsynelatande svevande nettverk av pinnar i kolfiberkompositt. Desse er både isolatorar og ein del av konstruksjonen. I ytterkanten av pinnane går straumførande liner i sikksakk. Pinnane er lyselement som blir tende i mørkret og som skaper eit lysande nettverk på nattehimmelen.
– Det vil bli bruk for fleire kraftliner i åra som kjem. Difor er det viktig å diskutera både omfanget og utsjånaden på desse. Vi trur vi har starta ein debatt i rett tid, og ser at fleire svenske kraftselskap er i ferd med å tenkja nye tankar på dette området. Snart vil vi også sjå resultat av dette. I framtida kan vi få kraftliner som er utforma slik at konfliktnivået i utbyggingssaker vert redusert, seier Bjørn Ekelund.
Les også
Siste fra Bolig
Relaterte bilder



