Julegjestebod med vri
Har ein ikkje tid til å vaske huset, kan ein jo gjere som kunstnartrioen Moe, Udd, Tollefsen, og flytte heile julebordet utandørs.
AV: ingeborg kristvik
Bak det bugnande bordet i brunt, raudt og kvitt i Jacobsfjorden på Bryggen, står Marianne Moe, Maria Udd og Siri Tollefsen. Tekstilkunstnarane har samla seg om det aller viktigaste med jula - som er tid til sosialt fellesskap. Senk ambisjonar, krav og skuldrer! Jula skal vere romsleg, lun og inkluderande, meiner Moe Udd Tollefsen.
- Tenk berre på alle familiane som ikkje toler å møtast, men som møtast likevel, seier Marianne.
Papirfuglar og visdomsord
Ein liten, einsleg perlekanin frå Fretex har fått heidersplassen midt på festbordet. Rundt om er tante Gunnhild sine sandkakeformer sette fram. Nokre med raude telys i, andre er fylt med mandlar, aprikosar og nøtter. Bordkorta er ulike artar papirfuglar i Siri Tollefsens design, og kvar kuvert har fått personleg preg. Visdomsord på ein tannpirkar, ein inviterande kontaktannonse eller ein hyllest frå hjartet, som: Tante – I love you! På ull.
Litt kjem frå bruktbutikkar, litt er arvegods. Litt lånt, litt nytt. Det er noko av sjarmen, at tinga har ulikt opphav og ulike historier. Duken treng ikkje vere ein duk, så lenge det liknar? Sykkelhjulet kjem frå ein nabo på Bryggen. Det har fått eit par rundar med kvit spraylakk og er heist opp over bordet, pynta med lys og heimebakte peparkaker. Maria har brodert på raud ull og trekt om stolar og krakkar. Juleraude eple, og appelsinar med nellikspiker og utskjeringar i skalet, buktar seg mellom kuvertane. Som alle er litt forskjellige, men dekt opp med tante Molly sitt bestikk og tallerkenar frå Fretex, på dekkjetallerknar av handlaga keramikk. Torsk a'la Moe finst både på puter og stoltrekk, i trykk, på bomull og ull.
Ambivalente til jula
Eigentleg er dei litt ambivalente til jula, både Moe, Udd og Tollefsen. For dei er førjulstida den absolutt travlaste perioden i året. Men verdien av å samle familie og vener og veners vener i tida før jul, betyr mykje. Det gjer også gleda over å skape si eiga jul og finne sin eigen måte. Pusle og pynte. Saks, papir. Lim og tråd. Gjestene kan gjerne vere med og flette korger.
- Men det blir jo aldri ferdig, meiner Maria.
Ho synest det høyrest fantastisk ut, når Siri skildrar kjensla av ro - på julaftan - når alt er klart, men enno ikkje har begynt.
- Det har eg aldri opplevd! Julaftan har eg alltid hatt det gøy, men aldri perfekt. Slik var det i oppveksten og. Eigentleg lengtar eg litt tilbake til julene i barndomen, då eg var utan ansvar, sat under ullteppet og åt peparkaker, seier Maria.
Den blå timen på Bryggen kjem med det gode lyset. Snart bognar det. Det blenkjer i djupt raude plommer i lake. Gyllen snaps i drammeglas. Snart kan gjestene ta plass ved sidan av tørrfisken, som er første gjest på plass i hjørnet. Sterk lukt er inga hindring i eit inkluderande julegjestebod på Bryggen.
Les også
Siste fra Bolig
- Kunstnarar med bakgrunn frå tekstil på Kunsthøgskolen i Bergen som deler butikklokale på Bryggen i Bergen.
- Maria Udd og Siri Tollefsen deler også verkstad på USF Verftet.
- Marianne Moe har eigen verkstad i C. Sundts gate.
- Moe, Udd, Tollefsen feirar to-årsjubileum i desse dagar.
Relaterte bilder
FOTO: JAN M LILLEBØ
FRUKTPYNT: Juleraude eple og appelsinar dekorert med siseleringsjern og nellikspiker rett på duken. FOTO: JAN M LILLEBØ




