• I SKOGEN OG VED SJØEN: Arkitekt Marianne Borge meiner denne vesle hytta høver spesielt godt i skogen og ved sjøen på Vestlandet. Hytta som skal byggjast på Kråko blir ei visningshytte. ALLE FOTO: Ivan Brodey

Hytte for deg?

Funky minihytte skal bl allemannseie.

Den norske hytta anno 2010 ser ut som ein einebustad. Alternativet heiter Woody og er berre 35 kvadrat.

NO SKAL Woody byggjast, på Kråko i Fitjar. Kanskje blir ho ferdig til påske. Johannes Sandvik, ein av utbyggjarane av Kråko sjøhytteområde, seier han har vore på leit etter eit alternativ til dagens store og påkosta feriehus.

- Det er mange grunnar til at vi også ønskjer å kunna tilby ein fritidsbustad som er annleis. Mange ser seg tent med noko som er mindre, noko nøkternt og meir intimt. Det er ikkje alle som har økonomi til å byggja stort og prangande. Små hytter som dette vil vera rimelegare i drift, og dei vil gjera mindre inngrep i landskapet, seier han.

DET ER Oslo-arkitekten Marianne Borge som har skapt den vesle hytta. Målet hennar er å få eit firma til å setja Woody i serieproduksjon. Til så lenge sel ho ein designpakke som inneheld komplette teikningar, arbeidsomtale og materialliste. Den første kunden hennar er Johannes Sandvik.

Ei pilothytte er bygd ved Drøbak. -Ein byggmeister eg kjenner sa han gjerne ville ha ei hytte som inneheld alt det nødvendige, fornemt utført med elegante detaljar, men at han berre hadde råd til å byggja 35 kvadrat, fortel Marianne Borge. Ho teikna eit lite feriehus med stove, kjøkenavdeling, eit soverom og hems med ekstra soveplassar omkring og over den sentralt plasserte peisen. Hytta som skal byggjast på Kråko, får i tillegg do og dusj inne.

Det er sengeplass til to på soverommet, to på hemsen og to i stova.

Hytta er gjennomdesigna. Arkitekten har teikna både bygget og all fast innreiing. Her er store vindauge, ei takhøgd på fire meter og ein treterrasse ute.

Ute blir hytta kledd med vedlikehaldsfri malmfuru eller sibirsk lerk. Inne blir det bjørkefiner på alle tak og vegger, golvet er i heiltre, det same er kjøkeninnreiinga. Muren kring peisen står som ein kontrast til alt treverket. På taket skal det liggja sink.

- MANGE SEIER dei likar denne hytta fordi ho både er lun og moderne. Ho liknar i grunnen litt på hyttene frå 1940 og -50-talet. Målet var å kombinera det nøkterne med det som er gjennomarbeida og vakkert, seier Marianne Borge.

- Som arkitektar blir vi oppfordra til å tenkja nytt, til å få meir ut av mindre, seier ho og viser til dei nye miljøkrava som krev ekstra isolasjon også i hytter som er over 50 kvadrat store.

- Det betyr at det blir dyrare å byggja, det er pengar å spara på å klara seg med færre kvadrat, seier arkitekten. Kva Woody kjem til å kosta, vil byggjeprosjektet i Fitjar gje svar på.

Arkitekt Borge fortel at ho også har teikna ein variant av denne hytta på 50 kvadrat, med eit ekstra soverom og ein ekstra hems. Den kallar ho for familiemodellen. Ideane ynglar hos arkitekten som også ser føre seg fleire små hytter sette saman i eit tun. For storfamilien.

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

Relaterte bilder

GJENNOMDESIGNA: Arkitekten har også teikna all fast innreiing, som heiltrekjøkenet. På vegger og tak inne er det plater av bjørkefiner.

ROMSLEGE KVADRAT: Dei få kvadrata blir romslegare ved at deler av hytta har ei takhøgd på fire meter.

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av