Heimefiksarane
Viss du vil kan nokon hente ungane dine i barnehagen, handle mat for deg, vatne blomane dine og pynte huset ditt til jul.
Tidsklemma er eit faktum for mange. I mange familiar er begge foreldra yrkesaktive og med små barn blir kvardagen hektisk. Fritid er høgt akta gode og skal ikkje brukast på kva som helst. I dette landskapet veks det stadig fram nye verksemder som tilbyr nye tenester til heimen. Det er eigentleg berre eit spørsmål om kva du har lyst, råd eller gidd å gjera sjølv.
Familie Bjørke Gromholt er kundar av Maten er klar. Dei får råvarer og oppskrifter til vekas middagar levert på døra ein gong i veka.
- Me får betre kvalitet på varene og slepp impulsive sjokoladekjøp, seier far Kristian Gromholt.
- Kva vil svigermor sei?
Firmaet Maten er klar starta si verksemd i bergensområdet tidlegare i haust. Ein gong i veka køyrer dei ut til kundane sine med råvarer og oppskrifter til middagar. Ein kan velje å få mat for tre eller fem dagar i veka.
- Det er flest småbarnsfamiliar som er våre kundar, seier dagleg leiar Hans Horndalsveen. Mange har eit ynskje om å eta sunn og variert mat, men tida og kreativiteten strekk ikkje alltid til.
Firma leverer varer til kjøt-, fiske,- og vegetarrettar kvar veke. Porsjonane er berekna på to vaksne og to barn.
- Men er det ikkje vanskeleg å skulle bestemme kva andre skal ha til middag?
- Jo, det kan vera rart, men dette er noko me legg ned mykje ressursar i. Det skal vera variert og interessant mat, også i kvardagen, seier Horndalsveen.
Ein del tenkjer nok også på kva svigermor eller naboen vil sei om at ein ikkje planlegg og handlar til middag sjølv. Men me opplever at kundane våre er fornøgde og anbefaler oss vidare når dei er i gang med ordninga, legg han til.
Mariya Bikova er PhD-stipendiat ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Ho forskar på bruk av au pair-ordningai norske heimar. I dag gjer au pairane i stor grad husarbeid og har ei 30 timars arbeidsveke.
- I forskinga fann eg at det framleis er det tabubelagt å betale for hjelp og tenester i norske hushaldningar. Ideen om at ein skal vaske dritten sin sjølv, ligg djupt forankra i det norske folk. Samtidig er det stadig fleire som opplever behov for hjelp og avlastning i heimen, trass i at me har ein godt utvikla velferdsstat med gode permisjons,- og barnehageordningar. Dette er typisk småbarnsfamiliar der foreldra har karrierefokus, seier Bikova. Forskinga hennar seier også noko om likestillingssituasjonen i Noreg.
- Au pairen er først og fremst ei avlastning for kvinna i heimen, ikkje for mannen. Det seier noko om kven som tek seg av husarbeid og barnepass.
- Kva gjer det med oss at me betalar andre for å vaske huset og lage mat for oss?
- For familiane i mi forsking blir den frigjorde tida brukt på å vera saman og dyrka seg sjølv som familie. Familiane fortel at dei har viktigare ting å gjera enn husarbeid og matlaging. Det at husarbeid vert sett ut til andre fortel noko om verdien av dette arbeidet i dag, seier Bikova.
Steller blomane
Blomebutikken Atelier Flora tilbyr blomestell i heimen.
- Me går heim til kunden og steller blomane for dei. Me har ansvar for plantar både inne og ute. Dersom nokon byrjar å visna skiftar me dei ut, og er det spesielle høve tek me med dekorasjonar eller snittblomar, fortel dagleg leiar Kristin Voreland. I forkant av jul pyntar dei gjerne med lys og ranker på terrassen, heng opp julepynt og dekorerer juletre. Når kunden kjem heim frå jobb, reise eller liknande er heimen pynta og klar.
- Er ikkje stell av plantar og pynting til jul noko folk kosar seg med sjølv?
- Jo, men ikkje alle likar å halde på med slikt. Dei fleste likar å ha det fint rundt seg, men har kanskje ikkje tid eller evna til å få det gjort. Det er utruleg mange travle folk for tida. Det verkar som om folk er stadig meir villige til å kjøpa slike tenester, seier Voreland.
Kundane er for det meste forretningsfolk og andre som er mykje på reise, men ønskjer å ha det fint rundt seg når dei kjem heim.
- Ikkje som å kjøpa ein sjokolade
Barnepasseren held til i Oslo og tilbyr travle småbarnsforeldre barnevakttenester.
- For dei som ikkje har så stort nettverk rundt seg kan det vera greitt å få barnevakt når dei skal på trening, vera sosiale eller jobba overtid, seier dagleg leiar Per Hugo Breivikås.
Men barnevaktordninga kan også tilby utvida tenester som å henta barn i barnehagen og følgja dei på ulike fritidsaktivitetar som riding, symjing og ishockey. Det kan også vera hotellgjester i byen som treng barnepass eller folk som skal gifta seg og treng barnevakt.
- Ein del går nok nokre rundar med seg sjølv før dei tek kontakt med oss. Ofte tek me ein samtale med foreldra i forkant og forklarar dei opplegget.
Det er jo ikkje akkurat som å gå og kjøpa seg ein sjokolade dette her. Sjølv om forholdet mellom barn og barnevakt i utgangspunktet er profesjonelt utviklar det seg band etter kvart. Dei fleste kundane til Barnepasseren har faste avtalar, men selskapet kan også ta enkeltoppdrag. Per i dag har dei om lag 600 kundar og 100 barnevakter.
Ynskjer kos, ikkje arbeid
Heimeserviceselskapet CityMaid har utvida sine tenester i løpet av dei 23 åra dei har eksistert i Norge. Opphavleg var selskapet eit reingjeringsselskap.
I dag tilbyr dei mellom anna å pynte huset ditt til jul, vaske ut av kjøkkenskapa eller rydde og kaste søppel.
- Hovuddelen av våre kundar har fast avtale om reingjering i heimen. Før jul er det mange som ynskjer å utvida tenestene med til dømes vask av steikjeomnen, støvsuging av madrassane og vindusvask, fortel marknadsansvarleg Charlotte Sagvik.
Selskapet gjer også ein del enkeltoppdrag for kundar som ønskjer at nokon skal handle julegåvene, hengje opp gardiner og gjera klart til jul.
- Det kan vera eldre som ikkje er så mobile, eller einslege menn som ønskjer kosen med jula, men ikkje arbeidet, seier Sagvik.
Hovuddelen av kundane er yrkesaktive mellom 30 og 55 år.
- Er det nokon terskel for folk å ta i bruk tenestene?
- Bøygen går nok på det å sleppa framande folk inn i huset. Når ein først har kome over det, syns dei fleste at det er greitt å få hjelp til det meste. Nokre vil ikkje ha oss inn på soverommet fordi det blir for privat, men det er fåtalet, seier Sagvik.
Firmaet tilbyr også heimehjelp og personleg assistanse.
Kjøper du slike tenester? Kva er dine røynsler? Syng ut i kommentarfeltet!
Les også
Siste fra Bolig
Relaterte bilder
SNART KLAR: Middagen er snart klar hjå familien Bjerke Gromholdt. Råvarene har dei fått levert på døra. FOTO: Alice Bratshaug
FORSKAR: Mariya Boklova har studert nordmenns bruk av au pair-ordninga. FOTO: Rune Berentsen




