• FOTO: Jan M. Lilleb�

Ekstra etasje gav ny standard

- Folk spør om dette verkeleg er ei burettslagsleilegheit, seier Monika Haugland. Ho bur i den nye toppetasjen i Barkaleitet burettslag i Åsane.

I DEN STRØKNE heimen på 126 kvadrat er det høgt under taket, lyst og luftig. Monika Haugland og mannen såg bort på Barkaleitet frå sitt tidlegare burettslag i Rollandslia.

- Vi tenkte at det ville bli bra å bu her, bestemte oss for å flytta, fekk førstevalet og er storfornøgde, seier ho. Prisen var 2,6 millionar kroner pluss fellesgjeld.

Alle dei fem terrasseblokkene i Barkaleitet er påbygde ein ekstra etasje ned i alt 35 nye leilegheiter.

Det var leiaren i burettslaget Jarl Høva sin ide.

- Dei andre meinte eg ikkje var riktig klok. Prosjektet blei møtt med svært mykje skepsis, og det har teke lang tid å få det realisert, men no ringjer mange og spør korleis vi har gått fram, seier Jarl Høva. Han veit om mange eldre burettslag som har planar om å kopiera metoden frå Barkaleitet. SINTEF har alt vore i Åsane for å sjå resultatet. Forskingsorganisasjonen i Trondheim som formidlar kunnskap om byggjeteknikk, meiner dei hadde noko å henta her. Ingen andre norske burettslag har vore gjennom tilsvarande omfattande oppgradering.



KORT FORTALT så handlar Barkaleitet-metoden om korleis rehabilitera blokker frå 1970-talet til 2010-standard utan å ruinera dei som bur der.

Jokeren låg på taket. Salet av dei 35 leilegheitene i den nye femte etasjen skaffa burettslaget pengar til nye trapperom, til heis og balansert ventilasjon. I tillegg har Vestbo-blokkene med dei opphavleg 180 leilegheitene blitt totalrenoverte utvendig, med nye fasadeplater, meir isolasjon i veggene, nye vindauge og nye rekkverk på balkongane. Nye buer har dei også fått.

- Vi har fått eit svært miljøvenleg burettslag med universell utforming, livsløpstandard og låg energibruk. Vi sparer samfunnet for store utgifter ved å byggja slik at folk kan bli buande her inn i alderdommen, seier Høva. Tida for trappeheisar er forbi i Barkaleitet, no kan rullestolane gå opp og ned med heisen og svinga seg gjennom fjernstyrte dører.

Standardhevinga har kosta dei gamle leilegheitene ein tusenlapp ekstra i husleige. - Men så kjem dei til å få mykje lågare straumrekningar enn før, seier burettslagsleiaren. Han har sjølv kjøpt ei av dei nye.

WIBERG arkitektur og plan vann konkurransen om rehabiliteringsoppdraget.

- Behovet for oppgradering av blokkene var stort. Vi har fjerna alt det som var dårleg og brukt mykje tid på å finna nye materialar av god kvalitet. I somme tilfelle har vi lagt inn litt ekstra god kvalitet, seier arkitekt Gunnar K. Rosendahl.

Fasadeplater med asbest er erstatta av plater som treng minimalt med vedlikehald. Dei som bur her har fått nytt varmtvassanlegg og det elektriske anlegget er utbetra. Boss-sug er på plass, uteområda blir meir attraktive og Barkaleitet får eigen festplass.


BLOKKENE frå 1975 er teikna av arkitektparet Molfrid og Jo Svenningsson. Dei var faste Vestbo-arkitektar som fekk bygd mange store bustadanlegg i Bergen på 1960- og 70-talet.

Som andre liknande anlegg på den tida, hadde også terrasseblokkene i Barkaleitet flate tak. Det har dei ikkje lenger. Taket på ekstraetasjen er svakt boga.

- Vi valde å gje taket ei ny form mellom anna av omsyn til naboane og for å laga plass til tekniske føringar, seier Rosendahl.

- Det var dei som meinte vi burde ta vare på det sosialdemokratiske uttrykket, seier Høva og siktar til Tilsynsutvalget for byens utseende, som meinte den boga takforma verkar noko framand.


IDEEN TIL HØVA vart godt motteken blant dei som bur i Barkaleitet. Han seier han er overraska over kor lett det var å få medlemene med på dei omfattande planane. Skepsisen møtte burettslaget hos alle andre.

- Vi har jobba med denne saka sidan 2003. Hovudproblemet er at saker som dette tek altfor lang tid i kommunen. Det trengst ei dramatisk endring i sakshandsaminga, andre må sleppa oppleva det same som oss, seier Høva.

- Når eit burettslag med eit par hundre medlemer kjem til saka, er det svært lite ønskjeleg å måtta venta tre-fire år før planane kan realiserast, seier han.

Høva deler meir enn gjerne erfaringane sine med andre burettslag. Han meiner mange har mykje å tena på å grundig til verks.

- Vanleg rehabilitering av burettslag kan samanliknast med å lakka gammal ein bil. Bilen er frå 50-talet sjølv om han er nylakka, seier Jarl Høva.

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

Relaterte bilder

FOTO: Jan M. Lillebv

FOTO: Jan M. Lillebø

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av