Ein ny by i byen
Hansaparken er tildelt Eiendomsprisen 2010. Juryen synest Liegruppen har greidd å skapa eit fint mangfald av gammalt og nytt i Kalfaret.
AV: eva røyrane
EI NY namnlaus gate går parallelt med Kalfarveien gjennom den nye bydelen. Lengst nord ligg bustadblokkene i Kalfarparken Borettslag. Så følgjer Malteriet, Brygghuset, Galleribygget, Tapperiet, Bruslageret og Mineralen på begge sider av gateløpet. Alle saman er gamle Hansa-bygg som er strippa, rehabiliterte og omgjorde til ny bruk. Over det heile svevar Den hvite steinen, eit nybygg med fem leilegheiter som kikkar opp i Kalvedalsveien.
Liegruppen kjøpte det gamle bryggerianlegget i 2001. No er nitti prosent av areala ferdig utbygde, 750 millionar kroner er investert i det kombinerte nærings- og bustadområdet.
I HANSAPARKEN er det 201 leilegheiter. Kring 150 menneske har sitt daglege arbeid her, 800 elevar går på skule i det ombygde tapperiet. Både Sonans utdanning og Næringsakademiet held til her.
Hit til Hansaparken kjem folk som skal innom eller på selskap i Kalfaret Brygghus, somme kjem hit på konferansar eller for å besøkja Hansamuseet, ølhallen og Waldermars mikrobryggjeri, andre for å sjå internasjonal samtidskunst i Galleri SE.
Hit kjem folk for å leiga lagerplass i sjølvbetjeningslageret, for å sjå til pengane sine hos Formuesforvaltning eller for å besøkja det nederlandske konsulatet. Dei som bur i Hansaparken kan handla mjølk og brød og ordna sine posttenester i nærbutikken nedst i Mineralen.
BERGEN BYARKIV var mellom dei første som flytta inn. No flyttar også kommunen sitt sentralarkiv opp hit frå rådhuset og blir ein del av Byarkivet som har byen sitt minne lagra i fleire av dei svære fjellhallane. Nokre kontorlokale og eit par fjellhallar er for tida til leige.
Ein siderprodusent held til inne i eine fjellhallen. Ein av landets siste klokkestøyparar er i ferd med å installera seg med ny verkstad under Malteriet.
- TEKNISK SETT har dette vore eit svært krevjande prosjekt. Vi har lagt vekt på å ta vare på dei gamle kvalitetane i tett samarbeid med Byantikvaren, seier May Britt Hevrøy, eigedomsutviklar i Liegruppen.
- Heldigvis har vi tolmodige leigetakarar som lenge har funne seg i det pågåande byggjearbeidet. Det har vore mange omsyn å ta undervegs, seier ho.
