Ein byggjeplass i audemarka

Midt i audemarka søv ein mann i telt for at du og eg skal få seng å sova i til vinteren.

Småauren vakar i Vendingstjernet. Ei vindråse tek tak og viskar vekk ringane dei lagar. Fuglafjell-massivet struttar svart i søraust. I nordvest er landskapet mjukt, grønt og avrunda.

Enno ligg litt av vinteren att i høgfjellet, men i liene under oss er sauen alt på beite.

Det er eit kontrastrikt landskap, dette, og nett no bidreg Bjørn Vike til kontrastrikdomen. Tømraren og byggmeisteren frå Aurland i Sogn har rigga seg til ein byggjeplass her utanfor folkeskikken, om lag midt mellom Hamlagrø og Kvamskogen. Det er han som har fått jobben med å setja opp den nye turlagshytta ved Vending.

- Eg trur ikkje det var stor konkurranse i bransjen om oppdraget, smiler 51-åringen og inviterer på te i eit falma militærtelt.



TELTET TENER SOM opphalds - og spiserom, som kjøken og tørkerom. Her er vedomn som gjev god varme på kjølige midtsommardagar. Bjørn fyrer med kapp. I eit mindre fjelltelt søv han og eventuelle gjester i sovepose og på liggeunderlag. Nett no er Angtshering Sherpa frå Nepal på helgebesøk. Sherpa, som var berar på den første norske Everest-ekspedisjonen i 1985, har i ti somrar vore gardsarbeidar for Bjørn på morsgarden i Aurland.

Bjørn Vike har gard i Aurland, hus på Eidsvågneset, husmannsplass i Luster og støl i Aurlandsfjella, men sidan 15. juni har han lege i telt i lyngen ved Vending. Og sjølv om sikringsbua no er tett og har fått både golv og tak, gjer han rekning med å halda fram med å sova i teltet gjennom store delar av sommaren.

- Iallfall om vêret er sånn nokolunde, seier Bjørn.

Langs veggene i militærteltet er det meste som trengst til livsopphald i høgfjellet, plassert. Og litt til. Som gasskomfyr og skikkeleg bestikk, koppar og kar og proviant som ikkje går ut på dato med det første. Ei snøfonn i nærleiken tener som kjøleskåp for varer som treng slik oppbevaring.

- Vossakorv, seier Bjørn.

- Vossakorv er eit godt tips for den som skal opphalda seg lenge i audemarka.



Bjørn Vike burde vita. Han har lang rutine med nett slike oppdrag som dette. Dessutan er han ein røynd eventyrar og ekspedisjonsdeltakar som har vore på tur med noko av det sprekaste som er av norske utegangarar. På lista over turvener finst barskingar som Odd Eliassen (første nordmann på Mount Everest), Ralph Høibakk, Vegard Ulvang og Stein P. Aasheim.

Men Bjørn Vike har skaffa seg eit namn for seg sjølv, som turlagshyttebyggjar. Berre for Bergen Turlag har han sett opp Vardadalsbu, Skavlabu og Vatnane i Stølsheimen, i tillegg til sikringsbuene i Solrenningen og Åsedalen. For fem år sidan sette han i stand dei to hyttene på Fanaråken - på vinterstid. Det er noko av det mest ekstreme han har vore med på av byggjeverksemd. Til saman reknar han med at han har bygd ein stad mellom 20 og 30 turisthytter i den norske fjellheimen, fleire av dei saman med Odd Eliassen, som i tillegg til å vera eventyrar, også er byggmeister.

- Det var gjennom han det tok til. Eg laut bryta meg inn i Tindeklubbhytta under Store Skagstølstind då ein kamerat og eg ikkje kom oss opp. Dit kom også Odd Eliassen, og han tok meg med på Hardangervidda, der vi bygde sikringsbu til Torehytta. Sidan har det gått slag i slag.



NO BRYT HAMMARSLAGA stilla ved Vendingstjern. Smyg seg over hei og syng seg langs ei lone, før dei søkk i ei myr og druknar. Bord etter bord blir festa til reisverk og sperr, og der det ein onsdag berre stod ein grunnmur, står skalet til sikringsbua på 6x4,5 meter ferdig den påfølgjande sundagen.

- Det blir gjerne 12 og 14 timars arbeidsdagar. Her er ikkje så mykje anna å ta seg til, melder Bjørn tørt.

Ikkje at han treng så mykje anna heller. Bjørn Vike likar det enkle livet i fjellet. Han nyt naturen, tåler å bli våt og held ut at han ikkje får dusja kvar einaste dag.

- Det er godt å vera vekke frå bil, stress og mas, kunna stengja av telefonen og konsentrera seg om jobben. Eg trivest veldig godt med det, seier Bjørn.

Det er ein småsur laurdag på 840 meter, men for det meste opphald. Frå campingstolen attmed vedovnen i militærteltet har Bjørn utsikt til auren som vakar i Vendingstjern. På somme dagar stryk også ein flokk med reinsdyr forbi. Folk har også vore innom og helst på.

- Mitt inntrykk er at dei er svært positive til at det kjem ei turlagshytte i dette området, seier byggjaren.



BJØRN VIKE HAR TEKE seg ein pause frå bygginga. Han supar ein kopp med nytrekt kaffi og skjenkjer seg ein ny. Fortel om kor nøye planleggingsarbeidet til ein slik jobb er. Om at alt må koma på plass når helikopteret først er i sving. Bjørn reknar med at rundt 30 tonn med materialar og utstyr er frakta inn til tomta ved Vendingstjern. Inntil vidare ligg det aller meste av det enno under plast og presenningar på byggjeplassen.

- Det er eit stort mentalt press å vita at her ligg det store verdiar ute, som helst skulle vore under tak.

Den andre utfordringa i audemarka er å passa seg så ein ikkje påfører seg sjølv skade. Bjørn har sjølv ein gong teke jobben med å sy ein kollega som skadde seg på sirkelsag, så tryggleiken er han nøye med.

Han gjer det aller meste av arbeidet sjølv. Frå avgraving til muring, snikring og beising. Til muringa har han denne gongen hatt hjelp av ein kar frå Dale, og tre av Bjørn Vike sine fire søner kjem seinare opp for å vera handlangarar. Andre kollegaer som synest det er triveleg med eit avbrekk frå det tradisjonelle, er også venta innom i løpet av sommaren.



BJØRN BLIR VERANDE ved Vending , unnateke korte avbrekk, til hytta, sikringsbua og utedoen står ferdig. I beste fall midt i september, i verste fall ein gong i oktober. Vêrtilhøva vil vera avgjerande for tempoet i arbeidet.

- Når eg er ferdig, tek det ofte lang tid før eg orkar å koma attende. Eg har lege så mykje av meg sjølv i arbeidet, og så synest eg kanskje at folk ikkje fer så fint fram som dei burde med det. Men det er ein fin plass, dette, og lett tilgjengeleg, seier Bjørn Vike, som ikkje utelukkar at han i dette tilfellet gjer eit unnatak og kjem att til vinteren alt. Med minstesonen Silas (seks veker) i pulken.

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

Relaterte bilder

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av