• To view this page ensure that Adobe Flash Player version 10.1.0 or greater is installed.

    Get Adobe Flash player

    EGET MUSEUM

    I et eget tilbygg bak garasjen har jegeren Inge Helge Vassbotten laget sitt eget jaktmuseum, med bare noen av trofèene gjennom et langt liv med jakt fra hele kloden. VIDEO: BJØRN ERIK LARSEN

    VIDEO: bt tv

Dyre dyr

Inge Helge Vassbotten betalte 200.000 kroner for å skyte verdas største sau. Heime i Eikefjord har han eit ege tilbygg til alle troféa.

Synet som møter oss er så overveldande at fotografen straks byrjar å le.  Fantasien har på ingen måte strekt til. Dette er nesten ikkje til å tru!

I ei stor stove i eit tilbygg bak ein garasje i Sunnfjord, har snart sytti år gamle Inge Helge Vassbotten samla saman utstoppa dyr, gevir og skallar frå tallause jaktturar verda rundt.

Ein ellevill overflod av jegertrofe er sirleg montert opp etter veggene i rommet og rundt om på golvet.

Verdas største sau

- Eg byrja å jakte i 17–18 årsalderen. Var med far min på sjøfugljakt. I november skaut eg ein Marco Polo-sau i Tajikistan, som er eit land mellom Kina og Afghanistan.

Marco Polo er verdas største sau og svært sky, vi var så høgt oppe som 5200 meter. Den jakta var ganske dyr, kosta om lag 200.000 kroner, fortel Inge Helge Vassbotten.

Pengar har han, 50 millionar kroner i formue, ifølgje likninga.

Sjølv om Inge Helge har trekt seg ut av den daglege drifta av Steinvik Fiskefarm, som produserer 10 tusen tonn laks i året, er den aktive pensjonisten framleis styreformann og eig halvparten av konsernet, der sonen Alex også er medeigar og dagleg leiar.

Eit eventyr

- Det er eit eventyr. Vi var tre som starta opp eit lite setjefiskanlegg i 1981, og eg satsa 17.500 kroner. Alt overskotet førte vi inn att i selskapet og i fjor hadde vi ein omsetnad på ca 300 millionar kroner, slår han nøgd fast.

Fritidsinteressene har alltid vore jakt og fiske for odelsguten som no er blitt kårkall på garden som ligg så fint plassert på Steinhovden i Flora kommune.

Kona Olaug ristar framleis oppgitt på hovudet når ho fortel om den natta ho vakna med eit brak inne i senga av at mannen fyrte av eit rifleskot like ved, gjennom eit ope glas på soverommet.

Han hadde oppdaga ein hjort som gjekk og beita på bøen.

- Eg låg og sov i min beste søvn og fekk jo sjokk! Eg blei forbanna kan du begripe, seier ho kontant. Jegeren legg lattermild til at det som kanskje var litt spesielt, var at han sjølv brukte hørselsvern.

Gullbryllaupsdag

I sommar kan paret feire gullbryllaupsdag. Dei siste femten åra har den no 94 år gamle mora til Inge Helge budd i lag med dei, i ei eiga sokkel-leilegheit.

Spreke Magnhild arbeider ute på marka og har fått fyr på juletreet, konstaterer den 65 år gamle svigerdottera, etter å ha tatt ein kikk ut gjennom stoveglaset.

 Det er ein kald og hustrig formiddag. Bakken er dekka av snøslaps.

- Vi har ikkje sett lås på kvarandre. Det var mange som ikkje kunne forstå at eg ville sende Olaug til London, då ho fekk jobb som rektor ved den norske skulen i 1996, fortel Inge Helge.

Puma, ulv og gaupe

Då ho eit år skulle pynte til jul, blei Olaug beint fram rasande galen då ho kom over ein puma, ein ulv og ei gaupe som stod pent på rekke der ho hadde tenkt å plassere juletreet.

- Eg vart så forbanna at eg bar heile driten i kjellaren, presiserer ho.

- Det var då eg fekk ideen om å byggje eit eige rom til dyra. Tilbygget bak garasjen er på 70 kvadratmeter og her er det eit miljø som kanskje blir ståande i framtida også, etter at eg er vekke, seier Inge Helge i ein litt ettertenksam tone.

- Det er absolutt ikkje ditt problem, repliserer Olaug lynraskt. Ho legg ikkje skjul på at det ikkje alltid var like greitt at mannen drog på jakt i helgane når dottera Iren og sonen Alex var små.

Men den gong budde familien i Årda,l og tobarnsfaren var så plaga av astma at ho syntest han hadde godt av å kome seg til fjells og puste inn frisk luft.

Ilter bjørn

Rett utanfor soveromsdøra til paret, står ein røsleg brunbjørn på 300 kilo oppreist på to bein og ser skummel ut.

Men så var bamsefar heller ikkje mindre skremmande då Inge Helge trefte på han i levande live ein jaktdag i Russland i 1990.

- Eg såg ikkje bjørnen før han kom ut av den tette skogen for å angripe meg. Han kom imot meg og var så nær. Den høgre framlabben var berre ein halv meter frå foten min då han datt daud om på bakken. Hadde eg ikkje treft han i ryggmargen, så hadde han drepe meg, konstaterer storviltjegeren roleg.

Og framleis må ein vere varleg når ein passerer bjørnen. Klørne er nemleg skarpe og har ein tendens til å hengje seg fast i folk som skal forbi.

Rekordbjørn

Endå mykje større var den rekordstore brunbjørnen som Inge Helge skaut i Kroatia for fire år sidan. Bjørneskrotten vog heile 400 kilo og var 2 meter og 40 centimeter lang.

Det er det største eksemplaret som nokon gong er felt i Kroatia, og etter mykje om og men, ville styresmaktene difor ha bjørnen utstilt på eit museum.

- Då blei eg litt sur, ja, ikkje berre litt, eg blei forbanna, vedgår skyttaren.

Denne sanne bjørnehistoria gjekk verda rundt, og han blei også oppringt og intervjua av journalistar frå Moskva og Kroatia.

På det tidspunktet var Inge Helge allereie innehavar av ein verdsrekord etter å ha skote den største maralhjorten i Kasakhstan som nokon gong er registrert.

Dyrehage

Oppå peisen i jegerstova ligg ein liten svartbjørn frå Vancouver Island i Canada. Den svarte fellen og hovudet på eit større eksemplar ligg skinnflat på golvet ved sidan av eit sebraskinn.

Utstilt i rommet er både ein vassbukk, ein leopard og verdas største antilope frå Afrika, dansk dåhjort og fasan, kronhjort frå Frankrike, ein sveitsisk steinbukk, ulv frå Kasakhstan, puma og bison frå Canada, tiur frå Eikefjord og ein moskusokse frå Grønland for å nemne noko av det særs omfattande utvalet.

 Også her står ein velvaksen brunbjørn oppreist på to labbar.

- I fjor feira vi julaftan her inne og dekka langbord, fortel Olaug.

- Du synest ikkje det er litt skremmande med desse stirrande dyreaugene som ser på deg frå alle kantar?

- Nei, men viss det hadde vore edderkoppar, ville situasjonen vore ein heilt annan.

- Eg synest det er blitt veldig fint her i peisestova. Mannen min har bygd alt sjølv, han arbeidde som snikkar før.

- Eg likar også den måten han har klart å plassere alle dyra i lag på, slik at dei passar saman.

- Lysekrona er ein antikvitet som eg har kjøpt i London. Når han dreg på jakt, tek eg meg ein shoppingtur til London.

For kummerleg på jakt

Mange av desse jaktturane er alt for kummerlege for meg. Men eg var med til eit slott i Frankrike i sommar, utdjupar Olaug. Før paret skal fotograferast, gnir ho intenst på ein flekk ho nettopp har oppdaga på genseren til ektemannen.

- Eg er rasande nesten kvar dag fordi han kler seg så elendig stygt! Utan å tenkje, tek han berre på seg ei brok, ei skjorte, hue og kjeledress. Han er i alle fall ingen snobb!

Eg trumfa han til å kjøpe seg ein ny bil då den gamle hadde gått 700.000 kilometer, røper ho.

Smilande legg Inge Helge armen rundt livet på kona. - Ho er det flottaste trofeet eg har, seier han stolt.

Les også

Siste fra Bolig

Dette skal bli en drømmehage

Fra denne steinrøsa på Søreide skal hagedesigner Darren Saines skape en drømmehage.

Nå kan det bli enklere å eie
hytte i denne kommunen

Livet som hytteeigar i Fitjarøyane kan bli enklare.

Nå kan denne hytten likevel få stå

Husker du den ulovlige hytten som var gjemt i sjøkanten?

- Vanvittig ekkelt

Dette synet møtte ekteparet fra Fana da de kom hjem etter å ha feiret mannens 50-årsdag.

Et klikk på «liker» starter jungeltelegrafen

- Vi tror sosiale medier vil overta denne formen for annonsering.

Raser mot Byrådets
Skjoldnes-innstilling

Omtrent slik blir utsikten fra Troldhaugen dersom Byrådets innstilling blir vedtatt. Troldhaugen-direktøren raser.

Relaterte bilder

HISSIG BJØRN: Denne bjørnen som står like utenfor soverommet ble nesten Inge Helges bane, da han sjøt den på 3 meters hold i krattskog i Russland. Kona Olaug er det flotteste trofèet, sier han galant. FOTO: FOTO: BJØRN ERIK LARSEN

VILT: Alt fra en leopard til bison og gnu har har Inge Helge Vassbotn skutt og tatt med hjem til Eikefjorden. FOTO: FOTO: BJØRN ERIK LARSEN

70 KVADRAT MED DYR: I bakkant av garasjen er det et tilbygg på 70 kvadratmeter til trofèene. For å gjøre det hjemmekoslig er det også en kjøkkenkrok. FOTO: FOTO: BJØRN ERIK LARSEN

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av