-
LARS BELLER FJETLAND: Japan og Norden møtest i eit kaffibord av alm og marmor. -
ANNA BIRNA BJØRNSDOTTIR: Bord og stol for ein eller fleire, for heimen eller offentleg miljø. -
CATHRINE BÆKKEN: Ei lysande bøye, lampe med handtak som kan flyttast etter behov. -
THOMAS WROLDSEN: Generøs puff med plass til fleire og med sokkel i stål. -
TRINE-LISE GISKE: Bord eller stol, eller begge deler på ein gong. -
ELISABETH VÅPENSTAD HOLM: Minimalistisk kvilestol i lønnetre.
Dette er eit bord
Med møblar inspirert av det nordiske klimaet, dreg elleve møbelstudentar frå Bergen til årets møbelmesse i Stockholm.
AV: eva røyrane
- Sjå fleire bilete i vindauget ovanfor!
Neste veke byr dei seg fram på den viktigaste møteplassen for nordisk design, Stockholm Furniture and Light Fair, slik bachelorstudentar ved Kunsthøgskulen i Bergen har gjort dei åtte siste åra.
Alle dreg dei med håpet om at deira produkt skal bli lagt merke til, aller helst av ein produsent som fell i stavar, og som berre må setja dette møbelet i produksjon.
Det har nemleg skjedd før, og det kan skje igjen.
Årets studentar søkjer definitivt ikkje møbellukka ved hjelp av ellevill galskap. I staden satsar dei på det solide, på nøkterne former, på varige materialar og lyst treverk.
Arbeida som skal på utstilling, er fullskala prototypar som studentane har laga, hovudsakleg i verkstadane til kunsthøgskulen.
Les også
Siste fra Bolig
Relaterte bilder
MARTE STRAALBERG: Beina på denne gyngestolen av ask skal minna om greinene i askeskogen.
MARTIN RYGNER: Armstol som kombinerer ask med stål.
NATASHA BENDIKSEN CRONA: Det er ikkje ein spikar i denne stolen av lønnetre, berre trepluggar.
PERNILLE AKSELSEN: Bord i lønnetre med plate av frosta glas.
SILJE NESDAL: Japansk futon på norsk bjørk.



