Det standhaftige naustet
Standhaftig som ein tinnsoldat har naustet overlevt dynamittsalvar og glupske gravemaskingrabbar. Snart er det klart for opningsfest for rassikringa i Hardanger.
AV: arne hofseth
Merkelappen «verneverdig» har fått anleggsfolka til å nærma seg varsamt, med sprenging, tipping av steinmassar, graving, forskaling og støyping.
Naustet har overlevt, og snart får det selskap av eit nytt.
Ulik verneverdi
- Mitt naust var ikkje like verneverdig, og kunne rivast, seier Samson Instanes, tidlegare Eidfjordordførar og Hardangerbruforkjempar.
Kanskje stod Instanes sitt naust litt vanskelegare til også, på andre sida av den flaumutsette bekken i Storagjelet. Hans nye naust blir bygt attmed det verneverdige, slik at dei får felles tilkomst frå vegen.
Rassikra
Riksveg 13 er no sikra med ei ny og større bru over Storagjelet, med romsleg passasje for flaumvatn og rasmassar under vegen. Tilsvarande er gjort med det langt mindre Navragjelet, på andre sida av naustet.
Også rasvollen som skal sikra riksvegen ved Kobbestille står ferdig når fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg 30. juni står for den offisielle opninga etter rassikringa.
Pengane oppbrukt
Nautaflottunnelen vidare til Bugjelet er derimot ikkje påbyrja. Pengemangel har ført til at ny reguleringsplan er under arbeid, med ei dagline opp til Buplatået. Det manglar også pengar til ny veg oppe på platået, slik at noverande kan nyttast til gang- og sykkelveg fram til Hardangerbrua. Den attståande stubben fram til brua (bitar av tre ulike prosjekt) er no definert som andre byggjesteg av Brimnes – Bu.
Strekninga mellom Brimnes ferjekai og Hardangerbrua vil byta vegnummer, frå Rv 13 til Rv 7, når brua opnar om tre år.
Les også
Siste fra Bolig
Relaterte bilder



