Bygde grillbod - fekk kjempebot

Gulating lagmannsrett såg ikkje i nåde til eit syskenpar som bygde bod og grillhytte i strandsona.

Les også:

Eit nytt punktum er sett etter «Operasjon strandsone» i Fitjarøyane våren 2008. Gulating lagmannsrett har dømd eit syskenpar for ulovleg bygging og bruk av to mindre bygg på heimegarden deira, som ligg sentralt i den flotte Fitjar-skjergarden.

Den 72 år gamle kvinna er dømd for å oppføra ein 15 kvadratmeter stor reiskapsbod få meter frå strandlina. Retten legg til grunn at ho visste bygget var ulovleg og at byggene vil bli krevd revet, ifølgje dommen

Erstatning til kommunen
Kvinna sende nemleg inn melding om bygget til kommunen og fekk skriftleg svar om at bygget kravde dispensasjon fordi det låg i LNF-område og i strandsona.

Retten meiner ho ikkje kunne ha misoppfatta denne bodskapen, sjølv om kvinna forklarte retten at ho ut ifrå informasjon som låg på nettsida til kommunen trudde den vesle bua berre var meldepliktig og gjekk inn under eigengodkjenningsordninga.

I tillegg til bota på 35.000 kroner må ho punga ut erstatning til Fitjar kommune på 6000 kroner og sakskostnader til det offentlege på 4000 kroner.

Papira blei aldri funne
Den 69 år gamle broren blir straffa endå hardare for å ha oppførd ein 20 kvadratmeter stor grillhytte på kaien.

Han forklarte i retten at han leverte inn teikningar på kommunehuset og fekk til svar at dersom han ikkje høyrde noko innan tre veker, var det berre å setja i gang.

Lagmannsretten festa ikkje lit til denne forklaringa og meiner kommunale rutinar om journalføring tilseier at dokumenta skulle ha blitt journalført. Papira blei ikkje funne på kommunehuset.

Han må betale 40.000 kroner i bot, 6000 kroner i erstatning til kommunen og 8000 kroner i sakskostnader til det offentlege.

- Utbyggingspress
Ifølgje straffeutmålinga legg dommarane vekt på syskena sin tilknyting til heimegarden og meiner det talar for ein mildare handsaming.

Forbodet mot bygging i strandsona og det særskilde vernet enkelte område i Fitjarskjergarden har, talar for det motsette.

- Presset for utbygging i Fitjarøyane er stort. For å balansera utbyggingsinteressene mot verneinteressene har Fitjar kommune gjennom plan avgrensa utbygging til særskilde område. (…) Bruk av ulovlege bygg krenkjer såleis viktige samfunnsinteresser, og det må difor reagerast strengt på slike lovbrot, skriv dommarane i den ferske dommen.

Les også

Siste fra Bolig

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Gi gass med glass

Boligbloggeren viser deg hvordan du setter opp praktiske glassplater over kjøkkenbenken.

Her er det feil for 5,4 millioner

To nye eneboliger kan gå på «billigsalg».

Slik fikk hun et møblert hjem gratis

Alida Fjermestad (31) har innredet leiligheten sin med møbler andre ville kaste. På gratistorget hos Finn.no har annonsemengden økt med 35 prosent i 2011.

Dette er ei campingvogn!

På nettet fann Cathrine Bysheim ei heimesnikra campingvogn i Australia. Bli med inn!

Dette er eit bord

Elleve møbelstudentar frå Bergen klar for årets store møbelfest. Sjå bileta.