• Bur på skulen

Bur i nedlagt skule

Bli med inn til kunstnarparet som bur og jobbar i ein gammal skule.

Det gamle lærarrommet fungerer som stove og det vesle tekjøkkenet er med enkle grep gjort om til kjøkken for familien på fire.

- Det er ikkje så farleg korleis me bur så lenge det fungerer. Me vil heller bruke tida vår på verkstaden, seier kunstnar og mor i familien, Åse Eriksen.

Kunst på landet
I 2001 flytta familien frå Bergen til Radøy. Dei avtalte med kommunen å leiga skulebygget då Haugland skule skulle leggjast ned.

Bygget på om lag 800 kvadratmeter huser mellom anna galleri, kafe, verkstad, i tillegg til familiens bustad. Attmed tunet ligg også kunstnarbustaden på 50 kvadratmeter. Den er sett saman av deler frå eit prosjekt frå Bergen Arkitekt Skole.

- Det typiske er at alt som har med kunst å gjera eksisterer i byane, meiner kunstnar Roger Gjerstad.

Saman med sambuaren har han i snart 10 år drive Radøy Kunst Senter. Her viser dei samtidskunst, for det meste av laga av vestnorske kunstnarar. Galleriet har 3-4 utstillingar i året, og kunstnarar kan også søkje om å bu gratis i kunstnarbustaden på området.

- Me gir alle som stiller ut her eit vederlag. Mange kunstnarar er i dag avhengige av stipend, og det fører til at dei lever i ein slags lottotilvære. Difor vil me betale ein sum til den som har laga arbeida me stiller ut. Her er interiørarkitektens heim

Godt besøkt
Det tek om lag ein time å køyre frå Bergen sentrum til Radøy Kunst Senter. Dei gamle klasseromma er omgjort til galleri, med store opne rom og mykje dagslys. Dei rolege omgivnadene gir ei spesiell ramme for kunsten.

- Men kjem det mange besøkjande ut hit?

- Me er godt nøgde med besøka på utstillingane våre og me har også mange frå lokalmiljøet innom. Mange kan dessutan ha godt av å ta turen ut av byen for å få ei kunstoppleving, seier Roger Gjerstad.

13. mars opnar dei utstillinga «Klima» .

Les også

Siste fra Bolig

Her er det feil for 5,4 millioner

To nye eneboliger kan gå på «billigsalg».

Slik fikk hun et møblert hjem gratis

Alida Fjermestad (31) har innredet leiligheten sin med møbler andre ville kaste. På gratistorget hos Finn.no har annonsemengden økt med 35 prosent i 2011.

Dette er ei campingvogn!

På nettet fann Cathrine Bysheim ei heimesnikra campingvogn i Australia. Bli med inn!

Dette er eit bord

Elleve møbelstudentar frå Bergen klar for årets store møbelfest. Sjå bileta.

På denne øyen er det full strid

Kommunen vil ha hyttesenter. Det vil <i>ikke</> de fastboende.

- Norske boligpriser er 15-20 prosent for høye

Det internasjonale pengefondet (IMF) mener boligmarkedet i Norge er i ferd med å bli en boble.