Bonde i byen
7-fjellsgeneral Arne-Kristian Teigland bur i eit sel midt i Bergen. Husværet er dekorert med hesjestaur og material frå den gamle løa på heimegarden i Øystese.
AV: hilde heian
- Eg har sjeldan vore så glad som den dagen eg fann John Deere-trekket til kjøkkenloungen på internettet. Det er den grusaste traktoren, seier Arne-Kristian Teigland og stryk handa over stoffet med grøne traktorar som han sjølv har trekt kjøkkenstolane og sittebenken med. Det gule pyntebandet i ryggstøet på benken matchar traktorhjula perfekt.
29-åringen serverer kaffi i Iron Maiden-krus. Skillingsbollane er restar frå tiårsfeiringa til sonen Isak, som gjekk av stabelen i kjellaren på utestaden Garage kvelden før. Interessa for hardrock har far og son felles. Dei to bur i lag i leilegheiten i Rosenbergsgaten anna kvar veke.
- Stilen her, korleis vil du karakterisere den?
Jålebonde
- Kjøkkenet og stova har eg innreidd som eit sel. Kjøkkenskapa som var her då eg flytta inn, ser ut som tomme hestekrybber i ein stall. Sidan eg er litt jålebonde og, har eg kombinert dei med ei raud, høgglansa kjøkkeninnreiing. Då eine delen av floren ramla ned heime i Øystese, rykte eg tå desse borda, fortel Arne-Kristian og nikkar mot den vesle, raude ytterveggen som heng litt uventa over den grøne, gamle Husqvarna-komfyren.
Sjølv kan ikkje aktivitetsleiaren i Bergen Turlag utstå det han karakteriserer som representasjonsheimar og han siterer eit kinesisk ordtak om at det er viktigare å skape ein heim enn eit hus. Å ha ei mor som arbeider på bruktbutikken i Øystese har heller ikkje vore nokon ulempe med tanke på å få handla inn tilstrekkeleg med klokkestrengar og andre nasjonalromantiske effektar som pyntar opp. To rosemåla skap fekk han kjøpt hos ei husmor på Hjellestad som var klar for eit stilskifte. I det minste som heng over kjøkkenvasken, står ei flaske zalo i selskap med ein kjøkkenrull.
Ingen globetrottar
Eit tekstilbilete av ei farga kvinne med ein fransk tekst heng høgt over kjøkkenskapa.
- Ein internasjonal impuls frå syster mi, Astrid. Ho reiste til Laos, Kambodsja og Uganda. Eg drog til Voss. Ho hadde kjærast frå Australia, eg hadde kjærast frå Skulestadmo, oppsummerar Arne-Kristian.
- Er det litt trasig å tenke på?
- Nei! Nei! Det blei jo barn av det, seier han oppglødd.
Bygd i byen
Interessa for landbruk går som ein raud tråd gjennom heimen på 74 kvadrat. På den eine veggen i stova som er malt Hardangerraud, heng stuttorv, trerive og eit par gamle treski som enten har tilhøyrt besten eller oldefaren. Lukkekjensla over å kunne gå laus med motorsag på den eine kjøkkenveggen, sit framleis i Arne-Kristian. Gamle hesjestaurar frå garden har han kløyvd i to og brukt til å ramme inn den nye opninga inn til spisekroken på kjøkkenet, der både fenalår og tollekniv heng lett tilgjengeleg.
Arne-Kristian likar å ha ein heim der han og sonen kan invitere folk og der gjestene føler seg heime. At kjærasten hans som bur i Oslo, synest stilen er litt i meste laget, ja, beint fram too much, tek han som ein mann. Øvst på ønskjelista står uansett ein kopi av «Brudeferden i Hardanger» til soverommet og ei parafinlampe til kjøkkenet.
- Eg er oppvaksen med mange ting. Til jul var det over hundre nissar i stova. Foreldra mine er flytta frå garden, eldste syster mi Ingunn har teke over. Eg er berre heime og hjelper til når det passar meg. Dei kallar meg leikebonden, seier Arne-Kristian Teigland med eit smil.




