Årets interiørtrendar
Lyst på noko nytt til heimen? Her er årets trendar.
Bt.no sin bustadbloggar Einar Nilsson har sett på tapet,- og fargetrendane som kjem.
Meir tapet
Ein tendens er at ikkje berre veggene skal tapetserast.
- Det var det eg visste! Dette må jo snart bli en hit igjen, meiner Nilsson. Å tapetsera taket, i tillegg til veggene, eller i staden for veggene! Det finst jo så mykje tøft og rart i tapet. Ein kan for eksempel ha same mønster/farge i golv og tak, og dele det opp med en annan farge på veggene. Heilt klart effektfullt!
Eg har tapetsert tak før i USA. Det gir ein annan stemning og det er utradisjonelt. I Norge er jo dei fleste taka kvite. Men eg håpar dette blir ein av årets store trendar, legg Nilsson til.
Årets fargar
– Ein tydeleg tendens for det nye året er blåfargen i alle mogelege nyansar, inspirert blant anna av hav, himmel og denim. I kontrast til dette ser me også varme raudfargar. Og framleis blir duse og støvete pastellfargar å sjå.
Når det gjeld maling er det framleis matt veggmåling som er det store.
-Men når alt kjem til alt er det ikkje så lett å spå kva trendar som vil fengde folk. Det kjem an på kva folk blir inspirert av og kva dei ser på, kor vidt dei ønskjer å vera trendy eller vil følgja sin eigen stil, seier Nilsson.
Gjenbruk
Interiørstylist og bloggar Signe Schineller meiner me framleis kjem til å vera glade i gjenbruk i året som kjem.
- Folk er miljøbevisste og tenkjer meir gjennom det dei skal kjøpa. Det går mot at me kjøper dyrare ting med høgare kvalitet- bruk og kast er med andre ord ut.
Natur og industri
Når det gjeld materialval i interiør er naturmaterial i vinden. - Ull, lin, skinn og tre er populært mens me går bort frå syntetisk og plast.
Når det gjeld tapet ser me mønster og mykje bruk av jordtonar og naturmønster.
Det kjem også ein meir industriell stil med svart, gult og blått som hovudfargar dette året.
-Me lar oss inspirera av mønster på til dømes jernbanen. Dette uttrykket er litt stramt og maskulint, men ikkje minimalistisk. Samtidig har me kontrastar med litt mjuke ting, puter og tekstfiler- me er trass alt veldig koselege av oss her i Norge, legg Schineller til.
Tapet i taket. Hva synes du om den ideen? Si din mening i kommentarfeltet nedenfor.



