Veit BT kva ein stril er?

BT puttar folk i båsar dei ikkje høyrer heime i, skriv leserombudet.

EG BUR på Askøy. Ja, eg er oppvaksen på denne vakre øya. Som gutunge hadde eg ein smaleflokk som nærmaste nabo og reid på smalen når han var i godlune. Eg minnest vel første gongen ein av smalevenene mine blei slakta og partert. Eg kikka på blodbadet gjennom eit hol i veggen. Det var som dei skar i mitt eige kjøt. Men stril er eg ikkje. Rett nok skriv BT stadig at eg, og alle andre på Askøy, er strilar, men rett blir det ikkje av den grunn.

Eg les i BT om eit «strileopprør mot Bergen». Ordføraren i kommunen min, Knut Hanselmann, står fram. Men Hanselmann er endå mindre stril enn eg er. Sjefredaktør Trine Eilertsen har budd store delar av livet sitt på Sotra, men seier sjølv at ho ikkje er kvalifisert til å kalle seg stril. Ho har skjønt noko som avisa hennar ikkje heilt har fått med seg. Du skal vere kvalifisert for å kunne kalle deg stril.

STIPENDIAT Lennart Fjell ved Universitetet i Bergen er stril og har skrive hovudoppgåva si om strilen. Han finn det underleg at BT kallar alle som bur omkring Bergen for strilar når langt over halvparten i mange av desse kommunane er tilflyttarar.

- BT puttar folk i båsar dei ikkje høyrer heime i. Avisa nyttar ofte den gamle motsetnaden mellom bymann og stril, men den har gått ut på dato for lenge sidan. Eg synest og avisa til tider nyttar omgrepet i saker der strilen blir litt latterleg, av typen «full stril», seier Fjell.

Ein annan lesar er samd i dette og peiker på BT si dekning av valden i bygatene om natta. Han opplever at avisa gjorde det til ein strid mellom «bymann» og «stril» der løysinga var å få «strilane» ut av sentrum.

-Kvifor nører avisa opp under slike gamle motsetnader, spør denne lesaren

Fjell meiner folk kanskje bør ha budd nokre generasjonar i områda som har vore rekna som «strileland» før dei kan kalle seg strilar.

- Strilen var tradisjonelt knytt til kystkulturen, til jordbruk og fiske, til hardt slit i karrige kår. Til bruk av naturen, i pakt med naturen. Men strilen i dag er annleis. Du kan ikkje lenger skilje «bymann» og «stril» på klesdrakt eller yrkesval. Røtene og språket er truleg det viktigaste for å identifisere strilen no til dags, seier Fjell.

To jenter frå Sotra har skrive på BTbatt-sida om korleis «strilelandet» har forandra seg etter at brua kom: «I Fjell i dag er det få ungdomar som snakkar «stril» - det synest eg er trist. Vi burde vere stolte av kvar vi kjem frå. I Øygarden er det framleis mange som snakkar «striledialekt», og eg vonar at dei neste generasjonane held fram med det.»

For å vere skikkeleg stril bør altså slekta dit ha vore knytt til kystkulturen i området vårt gjennom generasjonar. Mange av strilane bur sjølvsagt i byen no. I gamle dagar blei folk i Sandviken og rett over Puddefjordsbroen rekna som strilar. I 1972 blei Bergen utvida med fire «strilekommunar».

I respekt for røyndomen, strilekulturen og dei mange strilane som les BT, synest eg avisa skal gjere seg større flid med korleis dei nyttar omgrepet «stril». Sjølvsagt er det enkelt å kalle alle som bur utafor Bergen for «strilar», men det lettvinte er også i dette tilfellet feil. Og kva er ein «bymann» forresten? Professor Frank Aarebrot meiner jo at alle bergensarar er «bastardar».

Eg er, som Trine Eilertsen, ikkje kvalifisert til å kalle meg «stril». Borna mine er heller ikkje det, men vi er «askøyværingar». Det er slett ikkje så ille.

Veit BT kva en stril er? Veit du? Bruk kommentarfeltet under:

Les også

Siste fra Leserombudet