Kinesisk OL-framsyning til Fjaler

Oslo Konserthus, Nobelsenteret og Hauglandssenteret i Fjaler. Det blir spelestadene for «My Dream», framsyninga som marknadsfører OL i Beijing 2008.

Så langt har framsyninga med heilprofesjonelle funksjonshemma kinesiske artistar vitja over 40 land. Mellom dei celebre spelestadene har vore La Scala i Milano, Carnegie Hall i New York og operaen i Sydney. Kinesarane har vore gjester i ei rekkje kjende fjernsynsprogram, og spesialinviterte til presidentar og statsministrar.

- Framsyninga blir ei kulturhending vi ikkje har sett maken til i Sogn og Fjordane, seier utviklingsdirektør Magne Bjergene ved den internasjonale skulen, United World College, på Hauglandssenteret.

Symbol
Årsaka til at «My Dream» kjem til Sunnfjord, heiter Mark Wang. Han blei funksjonshemma etter å ha overlevd ein flystyrt då han var 12 år. I 1997 fekk han stipend for å kunne ta til på United World College, den internasjonale skulen som held til på Haugland. Dronning Sonja overleverte stipendet då ho var på statsbesøk i Kina.

I Kina har historia om Mark Wang blitt eit symbol på at alle menneske er like mykje verdt. Ein stor fjernsynsserie om Wang blei sett av millionar i verdas mest folkerike stat. Hans historie er ein av grunnane til at haldningane kinesarane har til funksjonshemma er i endring, og at behandlingstilbodet er i ferd med å betre seg.

- Eg ser på besøket til Fjaler mest som ei «pilegrimsreise» fordi det var her Mark Wang fekk sin store sjanse, seier utviklingsdirektør ved skulen, Magne Bjergene.

Wang bur framleis her i landet, men pendlar til Kina der han sit i styret for ein stor interesseorganisasjon for funksjonshemma, China Disabled Persons' Federation. Organisasjonen står bak «My Dream», og er sentrale i planlegginga av Paralympics og neste års sommar-OL.

Dans med døve
«My Dream» er eit rytmisk show med dans, sang, kinesiske trommer og instrument. Framsyninga inneheld høgdepunkt frå operaen i Beijing og akter frå kinesiske Kungfu. Eit av høgdepunkta er dansen «Buddha with Thousand Hands», presentert av 21 døve gutar og jenter.

Den fargesprakande framsyninga skal visast i sin heilskap i Oslo Konserthus 29. mai. Dagen etter set dei nærare 60 artistane kursen for Sunnfjord og framsyning i kulturhuset på Haugland 31. mai.

- Det som vil bli vist, er truleg eit avkorta program dei har vist mange stader. Vi har ikkje plass til heile framsyninga, seier Bjergene.

Den internasjonale skulen i Fjaler har i lang tid vore sentral i arbeidet med å få på plass ein tilsvarande skule i Kina. Bjergene ser også besøket i denne samanheng.


Les også

Siste fra Scene

Helge Jordal ødela ryggen -
må droppe premiere i kveld

- Det var en høyst prekær situasjon som oppsto.

Sogn og Fjordane Teater får storinnrykk av kjendisar

Helge Jordal, Agnethe G. Haaland, Bjarte Hjelmeland, Jon Eikemo, Yvonne Algrøy, Frode Rasmussen, Jorunn Torsheim og Oddvar Torsheim. Vestlandskjendisane står i kø for å spele på Sogn og Fjordane Teater neste år.

Klar for forviklinger

De to komikerne er på vei til Bergen med teaterforestilling.

Folkeventyr i hiphop-versjon

Absence inntar DNS med halsbrekkende versjoner av Askeladdens jakt på prinsessen.

Det siste han gjør i Bergen

- Dette er som en ekstra liten gave til publikum.

Disse blir priset
av kommunen

Danseren Alan Lucien Øyen og litteraturarbeideren Audun Lindholm var blant dem som ble priset av Bergen kommune for sin innsats.

Relaterte bilder

OVER 40 LAND: Framsyninga med heilprofesjonelle funksjonshemma kinesiske artistar har vitja over 40 land. Mellom dei celebre spelestadene har vore La Scala i Milano, Carnegie Hall i New York og operaen i Sydney. FOTO: MY DREAM

Mest lest

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls