Terje Vigen i engelsk språkdrakt

I samband med Kystsogevekene 2007 blir «Terje Vigen - The Musical» sett opp på Fitjar, Moster og i Alvøen denne månaden.

West End-artist Andrew Bain har rolla som Terje Vigen i einmannsoppsetjinga, som for første gong blir i engelsk språkdrakt i Noreg. Tidlegare har songar og skodespelar Rein Alexander hatt rolla i musikalen, då med tekst på originalspråket.

- It looks fantastic, seier skodespelar Bain om utandørsscena i Moster Amfi. Han er på bergensbesøk for å marknadsføra musikalen, og har sett bilete på nettet av stadene han skal framføra musikalen i slutten av august.

I mai stod Bain på scena på Fort Mason i San Francisco, der musikalen om Terje Vigen blei sett av over 4000 menneske på to kveldar.

Multimedieshow
Kjell-Ole Haune har komponert musikken til framsyninga, og levande bilete følgjer Bain på scena.

- Filmen vekslar mellom å vera forteljande saman med teksten, og å vera ei kulisse for Bain når han går inn i rolla som Terje Vigen, fortel komponisten. Saman med kona Randi Haune har han produsert framsyninga som til no er sett av til saman 15.000, på norsk og på engelsk. Omsetjinga til engelsk er gjort av professor ved Cambridge-universitetet, John Northam.

Kjell-Ole Haune trur filmen får fram historia betre til dei som ikkje kjenner forteljinga om fiskaren som kryssa Skagerrak i 1809 for å finna mat til ein sveltande familie.

- Det kan trygt skildrast som eit bombardement av inntrykk.

Filmatisk musikk
Musikken Haune har komponert er episk og dramatisk, og kan godt høyrast ut som om han er henta frå ein Hollywood-film. Bergensaren Lars Bleiklie Devik har hatt ansvaret for innspelinga av kompet, som ligg på tape medan Bain syng.

- Me håpar at stykket kjem til å fascinera publikum. Framsyninga er i mi meining kystkultur på sitt høgste, og passar godt i ein region der folk har levd med eit så nært forhold til sjøen som her i Hordaland, seier komponist Haune.

Den timeslange musikalen er ei av dei største satsingane til Kystsogevekene 2007, og har premiere i Moster Amfi 18. august. 24. august kjem framsyninga til Alvøen, før det er Fitjar Kulturhus sin tur 26. august.

Les også:

Siste fra Scene

Fakta

Terje Vigen med Andrew Bain vises Bømlo/Moster amfi 18. august kl. 22.00 , i Alvøen 24. august kl. 22.00 og på Fitjar 26. august.

Bilder

FOTO: Odd Mehus

TEGNESERIER