Bygdeopera i boks

Det blir ingen ekstravaganse over Opera Nordfjord sitt nybygg. I løpet av 2008 skal bygget vere klart for bruk.

Det vart til slutt førdefirmaet Åsen & Øvrelid A/S som fekk totalentreprisen for bygget, som er ei samlokalisering mellom den vidaregåande skulen på Eid og Opera Nordfjord. Den totale kostnadsramma er på 160 millionar kroner.

Svein Rotevatn i firmaet Nordplan A/S, som står for arkitekt og ingeniørarbeidet, seier at kostnadsrammene for nybygget har tvinga dei til å gå for eit nøkternt bygg, utan store materielle kvalitetar.

Utvendig vil bygget bli kledd med ubehandla lerk, innvendig vil det framstå med ubehandla betong, stål og glas. Det er likevel lagt vekt på å skape ein god akustisk konsertsal. Til dette har ein hatt hjelp frå oslofirmaet Brekke og Strand, som også har hatt arbeidet med operaen i Bjørvika.

Scena i operahuset er på 22 x 10 meter med eit scenetårn på 12 meter. I salen vil det vere 550 sitjeplassar når konsertgrava ikkje er i bruk og 500 når musikarar er på plass. Amfiet er delt i to nivå, slik at ein også kan dele av publikumsarealet for mindre konsertar.

I kulturdelen av bygget blir det folkebiblioteket og skulebiblioteket samt eit vrimleareal og ei kantine med plass til 400-500 personar.






Les også

Siste fra Musikk

Plumbo fikk flest stemmer i Melodi Grand Prix

Det mye omtalte bandet fra Vestfold fikk flest stemmer under kveldens delfinale i Melodi Grand Prix. NRK hadde godkjent vinnertalen på forhånd

Plumbo fikk flest stemmer i Melodi Grand Prix

Det mye omtalte bandet fra Vestfold fikk flest stemmer under kveldens delfinale i Melodi Grand Prix. NRK hadde godkjent vinnertalen på forhånd

Plumbo vant med «Ola Nordmann»

Storfavoritten Plumbo vant lørdagens andre delfinale i Melodi Grand Prix med sin sang «Ola Nordmann».

Hard Anger klare til dyst

Nystarta metalfestival satsar tungt i sommar. No er banda klare.

Spellemenn fra Vestlandet

Møt alle Bergensheltene som er nominert.

- Vi er outsider

Her ankommer Real Ones kveldens Spellemann-utdeling.

Relaterte bilder

Mest lest

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls