Søt musikk for musikarar

Alt tyder på at musikarar er dei beste kjærastane, viser forsking. Stemmer det, då?

- Ha ha, nei slik er det iallfall ikkje!

Mariko Takei Myksvold gapskrattar etter spørsmålet om forholdet deira er plettfritt. Ektemann Asbjørn Myksvold er ikkje ueinig.

- Det stemmer slett ikkje. Men det er mogleg me musikarar er meir kjenslevare, seier han og smiler mot kona.

Dei to organistane kan ha rett, skal ein tru forskarar ved Northwestern University i Chicago, USA. Dei har nemleg funne ut at musikarar er flinkare enn andre til å oppfatta kva me eigentleg meiner når me snakkar saman.

Babyekspertar
30 menn og kvinner med og utan musikalsk bakgrunn fekk høyra eit fjerdedels sekund av lyden av babygråt, med elektrodar festa til hovuda deira. Resultata var overraskande: musikanthjernane i utvalet gjekk rett på sak og analysert kjenslene til babyen, noko dei umusikalske ikkje gjorde.

- Jo fleire år med musikkerfaring, jo større evne til å finna kjenslene i babygråten, slår ein fast i pressemeldinga.

Professor Richard Ashley opplyser òg kva tidlegare forsking har vist: musikarar er flinkare til å oppfatta kjenslenyansar i all tale. Dermed skulle ein tru at det er duka for få misforståingar i kommunikasjonen mellom musikarkjærastar.

Men kan me tru på dette, då? Musikkterapiprofessor Brynjulf Stige ved Universitetet i Bergen har svar.

- Hehe. Eg veit ikkje kor eg skal byrja, seier han, og greier ut:

- Generelt er det mykje forsking som tyder på at musikk faktisk handlar om kjensler, noko som òg er ei vanleg kvardagsforståing. Så det høyrest ikkje urimeleg eller usannsynleg ut at musikarar er gode til å fanga opp kjensler.

Medfødt musikalitet
Professor Stige fortel at det handlar om medfødde disposisjonar for musikalitet.

- Ein baby er eigentleg avhengig av at mora er ganske musikalsk. Då snakkar me ikkje om musikalsk som i å vera god å spela eit instrument, men det dreier seg om den sensitiviteten ein har når det kjem til lyd. Det er mykje som tyder på at me er fødde med musikalitet, i større eller mindre grad. Det er den musikaliteten som gjer det mogleg for små babyar å kommunisera med mor og far før dei har utvikla verbalspråket. Kommunikativ musikalitet, heiter det på fagspråket, seier Stige.

Utan å slå fast noko som helst: det kan altså tyda på at musikarar ikkje berre er betre kjærastar, men også betre foreldre. Legg til ei studie frå Université de Bretagne-Sud i Frankrike, og biletet er komplett: Etter å ha høyrt berre éin romantisk ballade, er sjansen dobbelt så stor for at unge kvinner gir frå seg telefonnummeret sitt.

Har fleire hjerneceller
Ikkje nok med at dei er godt rusta på romansefronten: musikarar har også fleire hjerneceller, viser ei undersøking frå Jena-universitetet i Tyskland.

- Det stemmer - i enkelte område av hjernen, seier nevrolog Geir Olve Skeie ved Haukeland Universitetssjukehus. Han er utdanna klassisk pianist frå Griegakademiet og spesialiserer seg på musikk, hjernar og den slags.

- Dei er betre når det kjem til tolking av språk, fordi det er mykje det same systemet som med musikk, særleg der ein er avhengig av tonefallet, som i somme kinesiske dialektar.

- Så musikarar har lettare for å læra kinesisk enn andre?

- Ja, men berre nokre dialektar, altså. Dei vil profesjonelle musikarar klara å læra seg lenge før andre, fordi prosessane i hjernen går fortare, seier Skeie.

Ikkje berre fordelar
Heldigvis for musikarane - dei ekstra hjernecellene kjem til nytte til meir enn berre kinesiske dialektar. Hjernebarken for høyrsle er større; det same gjeld delane som handlar om hender, og «brua» mellom hjernehalvdelane.

- Så påverkar jo musikk andre område av hjernen - det som har med velvære og glede å gjera.

Likevel - musikarane kan kanskje ikkje slå seg altfor hardt på brystet på grunn av den ekstra store hjernekapasiteten.

- Totalt sett er nok ikkje hjernane større. Så ein kan jo lura på om det er noko anna det finst mindre av.

Berre spør alle dei som kjenner ein distré musikar.

Er musikarar betre kjærastar? Bruk kommentarfeltet:

Les også

Siste fra Musikk

Plumbo fikk flest stemmer i Melodi Grand Prix

Det mye omtalte bandet fra Vestfold fikk flest stemmer under kveldens delfinale i Melodi Grand Prix. NRK hadde godkjent vinnertalen på forhånd

Plumbo fikk flest stemmer i Melodi Grand Prix

Det mye omtalte bandet fra Vestfold fikk flest stemmer under kveldens delfinale i Melodi Grand Prix. NRK hadde godkjent vinnertalen på forhånd

Plumbo vant med «Ola Nordmann»

Storfavoritten Plumbo vant lørdagens andre delfinale i Melodi Grand Prix med sin sang «Ola Nordmann».

Hard Anger klare til dyst

Nystarta metalfestival satsar tungt i sommar. No er banda klare.

Spellemenn fra Vestlandet

Møt alle Bergensheltene som er nominert.

- Vi er outsider

Her ankommer Real Ones kveldens Spellemann-utdeling.

Liv Elise Nordskog, sopran og fiolinist i Bergen Filharmoniske Orkester

- Hehe! Nei, eg trur ikkje det. At me har eit musikalsk øyre og kan høyra nyansar i stemma, har ikkje så mykje å gjera med den sosiale intelligensen. Men når du går i djupna musikalsk, går du også djupt ned i kjensleregisteret ditt. Så kanskje me er meir medvitne om våre eigne kjensler.

Gabriel Fliflet, trekkspelar og songar

- Det vil ikkje forbausa meg om dei er flinkare til å fanga opp kjensler. Men om dei er betre kjærastar, kjem an på om musikarane er av den kloke eller den dumme typen. Dei finst jo i alle yrkeslag – så enkelt er det.

Kjetil Møster, saksofonist

- Det finst jo ein svær klisjé om at dei ikkje er det. Eg trur det er mange jenter som har fått høyra frå mødrene sine at dei ikkje må finna seg ein musikar fordi dei reiser mykje på turné, festar og blir freista av kvinnelege fans. Når det gjeld å vera forståingsfulle og empatiske, så trur eg det kan stemma – iallfall i mitt tilfelle. Men eg trur eigentleg ikkje dei er dei beste kjærastane – det finst sikkert andre yrkesgrupper som utmerkjer seg der.

Torkjell «Toschie» Rød, vokalist, Audrey Horne

- Nei, trur vel eigentleg ikkje det. Du kan jo ringa til kjærasten min som sit heime i Norge og høyra med ho (Rød er på turné i England, red. mrk). Me er kanskje betre på å tolka kjensler, men musikarar er jo ofte ganske egoistiske – me må vel gjerne vera det til ein viss grad. Eg trur det er litt både òg – me er betre kjærastar på nokre område, og dårlegare på andre.

Mest lest

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls