Trykka stemning

Ok. det høyrest kanskje litt krypande og sjølvsentrert ut når eg innleiar denne saka med å stikke meg ut i første person, og be for mi sjuke mor (eller jobben min, som det òg heiter). Men store ting er i emning i avisbransjen.

Toppfyren i selskapet som eig avisa eg jobbar i, konsernsjef Kjell Aamot i Schibsted, spådde nyleg at betalte papiraviser som BT vil vere borte om 20 år. Verkeleg?

Aamot er ikkje åleine. Mange spår papiravisas undergang for tida, og for dei breie allmennavisene tyder mykje på at dei har rett.

Opplaget til dei store papiravisene har gått ned i mange år allereie. Verst er det i laussalsaviser som VG og Dagbladet. Dei har tapt kvar tredje lesar sidan 2004. Men det går same vegen for oss i abonnementsavisene, sjølv om det berre er snakk om ein prosent eller to i året.

No har finanskrisa kome på toppen av dette nedsiget. Annonseinntektene stuper, og avisene kuttar i staben. I Media Norge-avisene, som BT og Aftenposten er ein del av, skal kvar femte tilsette vekk innan 2012.

På konsernkontora sit dei som bestemmer med minst eitt nervøst auge retta mot USA. Seinast tysdag denne veka enda ei 146-årig avishistorie i Seattle. Seattle Post Intelligence er ikkje lenger papiravis, kun nettavis. Talet på journalistar blir kutta frå 165 til 20.

Fleire store, tradisjonsrike dagsaviser har gått konkurs i USA. Andre har søkt om konkursvern. Sjølv New York Times måtte reddast, av ein meksikansk milliardær.

Som tidlegare sjefsredaktør Walter Isaacson i Time oppsummerte i byrjinga av mars: «During the past few months, the crisis in journalism has reached meltdown porpotions».

Ein av skurkane i forteljinga om papiravisenes fall er internettet. Finanskrisa har berre synleggjort problema bransjen slit med, problem som blant anna skuldast suksessen til nettet.

For folk les nyheiter som aldri før, både her i landet og i USA. Men dei les dei på nettet, og der les dei nyheitene gratis.

Det store paradokset for papiravisene er at konkurransen blant anna kjem frå deira eigne nettaviser. I tillegg brukar folk no medietida si på brukarstyrte nettsider og eit hav av andre informasjonskjelder.

Annonseinntektene på nettet aukar år for år, men korkje medieforskarar, avisfolk eller reklamefolk vi har tala med trur at inntektene vil bli like store som for papiravisene. Årsaka er, for å seie det enkelt, at i ei avis får du godt betalt for annonsen, anten den er på side 1 eller side 7, medan du på nettet berre får godt betalt for side 1. Dessutan har avisene langt fleire konkurrentar om annonsekronene på nettet.

Overslag som er gjort for storavisa New York Times går ut på at nettstaden (ein av dei største i verda med 20 millionar unike brukarar) berre vil kunne finansiere 20 prosent av staben i papiravisa (som har eit opplag på ein million).

Annonseinntektene til papiravisene er framleis fire gongar så store som for nettet. Det trass i at talet på lesarar ikkje er så ulikt (kjem litt an på målemetoden).

Det er òg teikn på at inntektene frå tradisjonelle nettannonsar (bannerannonsar) er i ferd med å flate ut.

- Bannerannonsering er framleis kjempestort, men no har kanskje banner nådd toppen. Den store auken skjer no i sø­king, seier mediedirektør Jarle Thalberg i Karat, som er ein av dei største formidlarane av avis- og nettannonsar i landet.

Og søking er lik den amerikanske giganten Google. Alle forsøk på å lage konkurrerande søkjemotorar i Norge, som Kvasir og Sesam, har meir eller mindre floppa.

Eit anna problem for nettavisene er at andre «stel» sakene deira. Nettstader som Google News samlar stoff frå ulike nettaviser, ei ordning som undersø­kingar viser at dei fleste av oss likar. Dermed får Google ei veldig godt besøkt framside, og tener feitt på reklame, medan avisene som har laga sakene berre får treff på sine underliggjande, dårlegare betalte sider (viss du i det heile gidd å klikke deg vidare).

Det er torsdag 26. februar i Denver, Colorado. Klokka nærmar seg 12, og det kjem stadig fleire journalistar og redaktø­rar til desken i Rocky Mountain News. Dette er ikkje noka vanleg lokalavis. Den har eit opplag på 250.000 og har vunne fire Pulitzer-prisar sidan 2000. I april kan dei feire at det er 150 år sidan avisa vart grunnlagt.

Nøyaktig klokka 12 byrjar møtet. To representantar for eigarselskapet er komne frå Cincinatti - eit siste forsøk på å finne nokon som vil kjøpe avisa, som går med underskot (16 millionar dollar i 2008). Avisas eigne journalistar rapporterer direkte frå mø­tet på ein blogg på avisas nettside.

Klokka 12.06 er alt over. «I morgon blir den siste utgåva av Rocky Mountain News,» siterer bloggaren frå den eine av eigarrepresentantane. Avisa vart aldri 150 år.

Dette er den største avisa som til no har gått inn i USA. Men det ser mørkt ut for fleire. 10 mindre aviser er konkurs. Eigarselskapa til 33 andre aviser har søkt konkursvern, inkludert selskapet som eig storavisene Los Angeles Times og Chicago Tribune. Christian Science Monitor har lagt ned papiravisa og er no ei rein nettavis.

Og sjølve flaggskipet blant amerikanske aviser, New York Times, slit med ei gigantisk gjeld (ein milliard dollar) og fallande opplag.

Ifølgje nettsida med det talande namnet NewspaperDeathWatch.com er halvparten av alle aviseigarane i USA konkurs eller truga av konkurs.

Aviskrisa i USA har fyrt opp under krisestemninga i Europa òg, men til no har ingen større aviser her gått over ende. I Norge er spesielt dei såkalla nummer to-avisene, som BA her i Bergen, hardt pressa.

Til no er det einaste synlege resultatet at Fredriksstad Blad har vedteke å leggje ned søndagsavisa, noko fleire A-presseaviser gjorde for eit år sidan. Likevel er sjølv statsministeren uroleg, og partiet hans har signalisert at staten vil auke pressestøtta.

Dan Ouchterlony, direktør for strategi og forretningsutvikling i Schibsted, vil ikkje utelukke at det kjem aviskonkursar i Europa òg. Likevel meiner han norske og europeiske aviser står betre rusta til å takle det økonomiske ruskevê­ret.

- Ein hypotese eg har er at bransjen er meir tilpassingsdyktig i Europa enn i USA, at vi har vore meir føresjåande. USA er i ein veldig spesiell situasjon, der mange mediehus i lang tid har ønskt å hente mest mogleg cash ut av avisene sine. Det ligg bak når dei har aviser som ser ut som våre gjorde for ti år sidan, seier Ouchterlony, som understrekar at i intervjuet med BT uttalar han seg om sine eigne syn og ikkje konsernet sine.

Det er likevel liten tvil om at mykje no står på spel òg her i landet, ikkje berre for aviseigarar og slike som meg som jobbar i avisene.

Med stadige nedbemanningar og beinhard kamp om annonsø­rane på nettet aukar frykta for dårlegare kvalitet og for at media ikkje lenger skal klare å fylle rolla som kritisk korreks i samfunnet. Viss ein ikkje finn måtar å finansiere den grundige og pålitelege journalistikken, blir det slutt på han, kort og godt.

Dagens krise har fått stadig fleire amerikanske avisfolk (og enkelte norske) til å ta til orde for at avisene må slutte å gje vekk stoffet sitt gratis på nettet. Slutte å undergrave sin eigen eksistens.

Problemet er at dei fleste som har prøvd, inkludert før nemnde New York Times, har gjeve opp. Internettguru og Wired-redaktør Chris Anderson, og mange med han, meiner slaget for lengst er tapt. Framtidas forretningsmodell er å gje vekk stoffet gratis, og heller ta betalt for tilleggstenester, sal av informasjon om nettbrukarane, meir snedig reklame osv.

I aviskonsern rundt om i heile den vestlege verda blir det no prata om og tenkt intenst på å overleve. I Stockholm har strategidirektør Ouchterlony i Schibsted eit par digitale leseplater liggjande på pulten framfor seg når vi ringjer.

- Det er Amazons Kindle og ei leseplate frå eit anna selskap, seier han.

Leseplatene viser ein mogleg måte avisene kan få betalt på. Eit abonnementssystem der du i staden for å få papiravisa på døra finn den ferdig nedlasta på digitalplata når du står opp om morgonen. Med fortløpande oppdateringar ut over dagen. Mange aviser på ei plate. Ei plate til kvar av familiemedlemmene.

Plastic Logic heiter selskapet som det blir snakka mest om for tida. Plata deira er litt større enn eit A4-ark, sju millimeter tjukk og det går an å notere på ho og lagre notata. I tillegg til aviser kan du lese alle slags dokument på plata.

Når denne plata kjem til hausten, vil du få tilbod om å få levert Financial Times og dei fleste amerikanske storaviser og magasin lasta ned til plata via nettet, betalt gjennom abonnement. Ouchterlony har allereie besøkt Plastic Logic i Silicon Valley i USA:

- Så vi tenkjer absolutt på det. Det er ei utfordring å finne leseplater som er attraktive nok, men Plastic Logic ser ut til å få eit veldig attraktivt produkt.

Førsteamanuensis Erik Wilberg ved Handelshøgskulen BI trur slike leseplater er vegen å gå.

- Media Norge kan oversvømme landet med leseplater og gje dei vekk gratis mot at folk teiknar abonnement på ei eller fleire av avisene i nokre år. Dei kan òg opne for at andre leverer aviser via dette systemet, seier han.

Avisene har dessutan gode økonomiske grunnar til å gå frå papir til leseplater: Ved å kutte ut trykkinga sparar avisene, ifølgje Ouchterlony, 35-40 prosent av utgiftene.

Skal leseplater bli framtida, må ein likevel få produkt som er så bra og billege at folk vil ha dei framfor papiravisa. Der er ein ikkje heilt enno, vedgår Wilberg.

Eit anna krav er sjølvsagt at du ikkje kan kjøpe deg ei leseplate og lese avisa gratis på nettet. Dermed er vi komne til det vanskelege spørsmålet om kva du og andre er villige til å betale for.

Dei fleste, inkludert Ouchterlony i Schibsted, ser ut til å vere samde om at vi avisfolk kan gløyme å ta betalt for det som på fint heiter «generiske nyheiter». Det vil seie ulykker, referat frå pressekonferansar og andre nyheiter som er enkle og raske å lage.

Slike saker kan nær sagt kven som helst lage, så lenge dei har ei nettside eller ein blogg.

Det Wilberg og andre meiner avisene kan få folk til å betale for, er analysane, dei gode kommentarane, dei eksklusive gravesakene og kvalitetsgarantien til ei avis folk stolar på. Kort sagt: Saker som du ikkje får andre stader, eller kvalitetsjournalistikk, som vi i bransjen likar å kalle det.

- For visse segment veit vi at det finst stor betalingsvilje. Eg trur brukarbetaling vil utgjere ein større del av inntektene i framtida enn i dag, seier Ouchterlony.

Eit alternativ til «lukka» levering til leseplater er å ta betalt på dei vanlege nettsidene. Her er stikkordet mikrobetaling: Eit enkelt, ukomplisert system der du betalar ein liten sum pr. artikkel.

Musikk-nedlastingstenesten Itunes har vist at folk er villige til å betale om ein berre gjer det enkelt nok, seier entusiastar som tidlegare Time-redaktør Isaacson.

Prisen kan variere, alt frå nokre få øre til fleire kroner, alt ettersom saka er eksklusiv, grundig, retta inn mot kjøpesterke grupper og så vidare.

Det er eit par problem med dette alternativet òg. Det første, og mest grunnleggjande, er kven som tør å vere først ute med å ta betalt på nettet. Risikoen er stor for at folk flyttar over til konkurrentane, som berre ligg eit bokmerke unna. Det andre problemet er om det finst tekniske løysingar som er enkle og billige nok.

- Personleg trur eg teknologien finst, men den må syast i hop på ein attraktiv måte, seier Ouchterlony i Schibsted.

Payex, den dominerande nordiske leverandøren av elektroniske betalingsløysingar, hadde ei løysing for slike digitale småpengar på plass allereie i 2001.

- Med den kunne ein ta betalt i mikrobeløp, til dømes nokre øre for ein avisartikkel. Dessverre gjekk alle avisene ut og prøvde å selje nettabonnement i staden, seier marknadsdirektør Christer Lovær i Payex.

Papiravisa er ikkje daud enno. Sjølv 20 år er lang tid, og sjølv Kjell Aamot ser for seg at nisjeaviser vil overleve. Dei siste åra har aviser som Dagens Næringsliv, Klassekampen og ikkje minst Morgenbladet auka opplaget. Dei mindre lokalavisene klarar seg òg bra.

Norge er eit av verdas mest avislesande land. Det òg gjev von, sjølv om framtida for allmennavisene kan krevje at vi deler oss opp i nisjar eller blir digitalisert.

- Kvalitet vil alltid selje, og eg trur at viss det blir ei veldig utarming av pressa, vil publikum begynne å spørje etter kvalitet. Med ei høgt utdanna befolkning og stort teknologisk gjennomslag er eg overtydd om at vi vil få ein overgang frå papir til ei digital plattform, seier førsteamanuensis Wilberg.

Og så lengje slike som meg klarar å skrive godt nok til at slike som deg er villig til å betale for det, har eg jobb og du avis.

Korleis skal avisene møte framtida? Sei di meining her:

Les også

Siste fra Media

De er tilbake

Nytt program starter neste mandag.

- Jeg ser lykkelig ut, sant?

Jonah (14) fikk nok av årevis med mobbing. Slik sa han fra.

A-pressen kjøper Edda Media

A-pressen bekrefter at konsernet i helgen inngikk avtale om å kjøpe Edda Media fra britiske Mecom.

TV 2 sendte opptak av Breiviks stemme

TV 2 offentliggjorde tirsdag opptaket av Anders Behring Breiviks første telefonsamtale med politiet. Støttegruppa mener det viser at flere lydlogger bør sendes dem som har etterspurt disse.

Spiller hos Letterman i natt

Sondre Lerche skal synge for millioner av TV-seere.

Nytt Eli Kari-stunt

Meldte været iført romdrakt.



  • Trass ein nedgang på 4,4 % i fjor er dagspressa framleis den klart største reklamekanalen i Norge.
  • Av ei samla omsetning på 18,4 milliardar kroner i 2008, gjekk 7,4 milliardar reklamekroner til dagsavisene.
  • TV er nest størst (3,2 milliardar), medan internett med ein vekst på 6,4 prosent har klatra opp på tredje-plass (1,9 milliardar).
  • Alle dei største norske medieselskapa har varsla nedskjeringar. Største kuttet kjem i Schibsted, som skal spare 1,6 milliardar kroner innan 2012.
  • A-pressen skal kutte 220 millionar, Berner-gruppa (Dagbladet m.fl.) 150, NHS (Dagens Næringsliv m.fl.) 80-85, Adresseavisen 60-65, NRK 50 og Edda Media 45-50 millionar kroner.
  • TV 2 Gruppen har allereie kutta 150 millionar kroner. Fleire andre har sagt at det kan kome større kutt enn det som allereie er varsla.

Kjelder: Det står mykje om temaet avisdød på nettet for tida. I denne saka har BT brukt mykje arkivmateriale frå papiraviser, som er betalt tilgjengeleg frå retriever-info.com. Her er linkar til andre (gratis) kjelder som er brukte i arbeidet med denne saka:

Relaterte bilder

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet