På kunstsafari i storbyjungelen

Du går ut på gata med eit heilt nytt blikk etter å ha sett kunstmagasinet Safari på NRK 1 i kveld.

Denne garantien kjem frå Jeannette Platou, ny programleiar for Safari på NRK 1. I dag er det klart for nypremiere på samtidskunstmagasinet, og kveldens tema er gatekunst. Eller street art.

- Graffiti, altså?

- Nei. Graffiti er sprayboks rett på vegg. Gatekunst er så mykje meir, seier Platou til BT.

I kveld tar Safari oss med på ei stor, internasjonal utstilling i Newcastle som viser gatekunst på høgt nivå - i spennet mellom gate og galleri, og med referansar til grafisk design, graffiti, skateboard og surfekultur.

Kunst på rasteplassen
Gatekunsten lever i opposisjon til reglar og konvensjonar i kunstlivet. I staden for å stille ut på galleri og museum, reiser kunstnarar frå by til by, bruker gata som visingstid og Internett som salsstad.

Også Norge har fleire gatekunstnarar, og i kveldens Safari møter du Jannik Aabel og Strøk.

- Etter å ha sett programmet lovar eg at du kjem til å sjå på gatene på ein heilt annan måte, anten du er i Oslo, London, Paris eller New York, seier Platou.

Også langs våre heimlege Nasjonale turistvegar kan du møte kunst undervegs - på utkikkspunkt eller rasteplassar. Målet med turistvegprosjektet til Statens vegvesen er å framheve naturopplevingar ved hjelp av arkitektur og kunst.

- Dette er ikkje nasjonalromantikk, men spreke ting, understrekar Platou, som dreg på safari til fleire rasteplassar i Finnmark i kveld.

Nært og internasjonalt
NRK marknadsfører Safari som ei oppdagingsferd i norsk og internasjonal samtidskunst. Dette perspektivet passar den nye Safarisjefen godt.

Platou har jobba både med innan- og utanriksstoff i NRK dei siste åra. Tidlegare arbeidde ho med filmstoff, blant anna i Stockholm, London og Frankrike.

- Eg har sakna å jobbe med kulturstoff igjen, så eg heiv meg på då sjansen kom - og fekk jobben!

- Kva er di største utfordring i Safari?

- Mange av kunstnarane vi møter har store namn, og er vande med å bli intervjua av mange. Min jobb er å få desse personane til å bli ekte og levande.

- Fort gjort å bli fylt av ærefrykt når ein møter store kunstnarar?

- Veldig. Men det handlar om å tore å stille spørsmål, ikkje vere redd for å provosere, få dei til å snakke frå hjarta og gjere dei endå meir tilgjengelege. Slike menneskje er ikkje annleis enn oss, og dei likar ei utfordring.

- Safari går på lufta klokka 22:30. Kvifor blir alle kulturprogram sende så seint på kvelden?

- Det lurar vi på også! Vi skulle ønskje programmet vart sendt tidlegare.

Les også

Siste fra Media

Kranglet på direkten

- Han derre Rune Andersen, han er en løgner, sa Hans-Wilhelm Steinfeld da han trodde han ikke var på luften.

Invasjonen av Norge «direkte»

På nettsamfunnet Twitter kan du i dag følge invasjonen av Norge «direkte» time for time, med beskrivelser av hvordan de dramatiske hendelsene utspant seg denne dagen for 72 år siden.

Amerikansk TV-veteran er død

Den amerikanske TV-legenden Mike Wallace, kjent for sine mange intervjuer i programmet «60 minutes», er død.

- Når lyset slukkes den første kvelden, er stemningen helt strålende fantastisk

Søvn er ikke et problem. Kostholdet ER et problem, innrømmer Jon Dahl (18). Han er én av 5000 deltagere på årets utgave av The Gathering.

Påsken minutt for minutt

Påskeapp til telefonen din.

bt.no brøt god presseskikk

Felt i PFU for artikkel om Facebook-grupper med bilder av barn.

Relaterte bilder

FOTO: NRK