• GOD TIDTRØYTE: Wordfeud er ein digital variant av spelet Scrabble. Hundretusenar har lasta ned ordspelet Wordfeud på brett eller mobil.

Ordleik på wordfeud

Hundretusenar driv no digital ordleik på wordfeud. - All språkleik er bra, seier språkprofessor Gunnstein Akselberg.

Folk leikar seg med ord på wordfeud. Ordleiken på mobil og brett breier seg.

Vi undrar på kva dette har å seie for språkinteressa og korleis bruken av sosiale medier verkar inn på språket?

Les også

Slik blir du best i Wordfeud

Y er Gud, W er livsfarlig og J er møkk. Les ekspertenes beste Wordfeud-tips.

- All språkleik er bra

- Kva meiner du om wordfeud?

- Eg har ikkje nok kunnskap om dette spelet til å seie korleis det verkar inn på språket. Generelt meiner eg alt som har med språkproduksjon å gjera, har positiv innverknad på språket. All språkleik som stimulerer til kreativitet, er bra, seier professor Gunnstein Akselberg ved Nordisk Institutt ved Universitetet i Bergen, til bt.no.

Den norske versjonen av Wordfeud godtek mange ord som ikkje er i dagleg tale, medan gode nynorskord ikkje vert akseptert.

Her er nokre triks du kan nytta i den digitale ordkrigen på wordfeud.

Det er betre at fleire er skriftleg aktive, enn at dei skriv korrekt norsk.

- No skriv folk som aldri før

- Mobil- og chattespråket følgjer ikkje normalen for korkje nynorsk eller bokmål. Det viktige er at det har fått fleire til å skriva. Om du tenkjer deg tilbake til tida før datamaskiner og mobiltelefonen, var det mange som var lite aktive på skriftleg kommunikasjon. No skriv folk som aldri før, seier Akselberg.

Han viser til at ikkje minst ungdom no skriv mykje meir enn før. Før skreiv mange berre private brev og når dei måtte av formelle grunnar. Endringa i teknologien har mobilisert store grupper av nye skrivande.

-  Einskilde er skeptiske til kva dette gjer med rettskrivingen?

- Ja, det kan eg forstå. Ein må vega mot kvarandre. På den eine sida det at fleire er aktive, produktive og skapande skrivande. På den andre sida at dei ikkje følgjer dei skriftlege retningslinene for språket. Eg meiner det veg tyngst at stadig fleire er aktivt skrivande, seier professor Akselberg.

- Hevar statusen på talemålet

- Når folk skriv i sosiale medier, skriv dei eit skriftspråk som ligg tett opp til den geodialekten eller sosiolekten dei har. Det at ein bruker dialektbasert skriftspråk, kan vera med på å heva statusen på talemålet, meiner Akselberg.

Er du einig med Akselberg? Skriv di meining i feltet under.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Media

Kranglet på direkten

- Han derre Rune Andersen, han er en løgner, sa Hans-Wilhelm Steinfeld da han trodde han ikke var på luften.

Invasjonen av Norge «direkte»

På nettsamfunnet Twitter kan du i dag følge invasjonen av Norge «direkte» time for time, med beskrivelser av hvordan de dramatiske hendelsene utspant seg denne dagen for 72 år siden.

Amerikansk TV-veteran er død

Den amerikanske TV-legenden Mike Wallace, kjent for sine mange intervjuer i programmet «60 minutes», er død.

- Når lyset slukkes den første kvelden, er stemningen helt strålende fantastisk

Søvn er ikke et problem. Kostholdet ER et problem, innrømmer Jon Dahl (18). Han er én av 5000 deltagere på årets utgave av The Gathering.

Påsken minutt for minutt

Påskeapp til telefonen din.

bt.no brøt god presseskikk

Felt i PFU for artikkel om Facebook-grupper med bilder av barn.

Relaterte bilder

SKRIVING I VINDEN: - Mange fleire er no aktivt skrivande. Teknologien gjer noko med språket, og kan vera med å heva statusen til talemålet, meiner språkprofessor Gunnstein Akselberg. FOTO: BT (ARKIV)