Maktfaktor på nett

Nettet fløymer over av bloggar om alt frå politikk til mote. Men er dei viktige?

Ja, meiner Carl Christian Grøndahl. Han har skrive masteroppgåve om kva nye medium betyr for politisk aktivitet.

– Bloggane utgjer ei alternativ stemme til dei store mediehusa. Dei er ikkje bunde av tidsfristar og omsyn til redaksjonell profil. Dette resulterer i klarare meldingar og gjerne eit meir direkte uttrykk enn kva ein finn i avisene, seier Grøndahl.

Nettfenomenet, som i 2005 blei omtala av amerikanske CNN som «the fifth estate» – den femte statsmakt – oppstod først i 1999. Ti år seinare er det vanskeleg å stadfesta kor mange bloggar som finst, men techliberation.com vurderte i april i fjor talet til å vera rundt 112 millionar.

Politiske bloggar
I Noreg har politiske bloggar fått ein oppsving i det siste. Etter at regjeringa lanserte det nye lovforslaget, som skulle erstatta blasfemiparagrafen 19. desember i fjor, var bloggaren Halvor Sevatdal ein av dei som var tidleg ute med å påpeika at forslaget kunne medføra ei innskrenking av ytringsfridomen.

«Enkelte toneangivende blogger har grunn til å føle seg fornøyde i dag», skreiv han på bloggen sin dagen lovforslaget blei trekt tilbake.

Carl Christian Grøndahl meiner bloggarane har makt, men berre til ei viss grad.

– Denne makta henger saman med mykje anna som skjer på nettet, slik som grupper på Facebook og videoar på YouTube, seier han.

For ein god bloggar er det ikkje nok å skriva godt.

– Han må også vera flink til å kopla informasjon godt. Bloggane skaffar seg lesarar blant anna ved å leggja ut lenkjer til kvarandre. Om seriøse og etablerte aktørar lenkjer til bloggen din, er det eit kvalitetsstempel.

Livsfarleg
Ein blogg med sterke meiningar kan vera livsfarleg for skribentar. Det fekk bloggaren Xu Lai, frå sterkt mediesensurerte Kina, nyleg erfara. Førre veke blei han knivstukke etter ei høgtlesing i ein bokhandel i hovudstaden Beijing. Kinesaren blogga for den satiriske nettstaden bulldog.cn, som i januar blei stengd av styresmaktene i landet. Satirikaren overlevde, og skriv no for bulldogger.com, som har base utanlands.

– Noko slikt trur eg ikkje kunne ha skjedd i Noreg. Men at blogginnlegg i yttarste konsekvens kan føra til kraftige reaksjonar, er godt mogleg, seier Grøndahl.

I samband med saka rundt blasfemiparagrafen, oppretta han Facebook-gruppa «Nei til straff for religionskritikk», som bidrog til at statsminister Jens Stoltenberg måtte presisera regjeringa sitt syn på saka.

Grøndahl meiner det for tida er lett å få merksemd kring både politiske Facebook-grupper og bloggar, fordi dei er relativt nye fenomen.

– Denne store merksemda frå media vil nok minka etter kvart. Internett som debattarena vil forbli, men det vil bli vanskelegare for bloggarar å nå gjennom.

Les også

Siste fra Media

De er tilbake

Nytt program starter neste mandag.

- Jeg ser lykkelig ut, sant?

Jonah (14) fikk nok av årevis med mobbing. Slik sa han fra.

A-pressen kjøper Edda Media

A-pressen bekrefter at konsernet i helgen inngikk avtale om å kjøpe Edda Media fra britiske Mecom.

TV 2 sendte opptak av Breiviks stemme

TV 2 offentliggjorde tirsdag opptaket av Anders Behring Breiviks første telefonsamtale med politiet. Støttegruppa mener det viser at flere lydlogger bør sendes dem som har etterspurt disse.

Spiller hos Letterman i natt

Sondre Lerche skal synge for millioner av TV-seere.

Nytt Eli Kari-stunt

Meldte været iført romdrakt.

Dei beste bloggane i 2009

Utdrag frå magasinet TIME si liste over dei 25 beste bloggane i år. Sjå heile lista på www.time.com/time/specials/packages/0,28757,1879276,00.html

  • Detention Slip – www.detentionslip.org Sjokknyhende frå skulekvardagen i USA, basert på tips frå lesarane. «Andreklassing tar med heroin på skulen» ei typisk overskrift.
  • Crooks and liars – crooksandliars.com Politisk satire med videoklipp av typen programleiar Jon Stewart gjerne harselerer med på «The Daily Show».
  • Metafilter – metafilter.com Bloggen der lesarane bidreg med all mogleg nyttig og unyttig fakta – som til dømes akkurat kva det er Bippe Stankelbein seier når han spring forbi Per Ulv.
  • Freakonomics – freakonomics.blogs.nytimes.com New York Times-journalist Stephen Dubner og økonomiprofessor Steven Levitt skriv lettfatteleg om økonomiske samanhengar. Nyttig i finanskrisetider.

Norske politiske bloggar

  • Vox Populi – voxpopulinor.blogspot.com Kurt Johannessen (52) frå Bærum skriv om det meste i det politiske landskapet.
  • VamPus – vampus.blogspot.com/ Høgre-medlem Heidi Norbye Lunde kritiserer samfunnet frå ein konservativ ståstad.
  • Sosialdemokratiet.no – sosialdemokrat.blogspot.com Fredrik Mellem frå Oslo Arbeiderparti er bloggaren som ikkje er redd for å kritisera sitt eige parti.
  • Filiprygg.no – filiprygg.blogspot.com KrFs bystyremann i Bergen knyter bloggen sin opp mot Facebook, YouTube og Twitter.
  • Revolusjonært roteloft – www.virrvarr.net Ida Jackson er medlem i Raudt og har blant anna skrive sexhandbok for jenter. Blogg med litt av kvart, ikkje berre politikk.

Relaterte bilder