Han styrer deg

Norsk nettdebatt vert styrt frå Sverige.

Les også:

Hallo vi er i 2009, snart i 2010 faktisk.

Det er ein lesar av bt.no som føler for å dele denne opplysninga. Innlegget ligg i lista på skjermen til Mona Thidemansen, som med ei museklikk sender det ut til folket.

- bt.no er ganske enkel i forhold til ein del andre. Folk er ganske snille, seier ho på noko som kan minne om svensk.

- Svorsk, korrigerer Thidemansen, opphavleg frå Kongsberg.

- Jeg har litte vanskelig for å snakka ren norsk.

Styrer debatten
Thidemansen er ein av rundt 25 tilsette i Interaktiv Säkerhet, eit selskap med base i badebyen Varberg nokre mil sør for Göteborg.

Interaktiv Säkerhet spesialiserer seg på kontroll og overvaking av debatt- og i diskusjonsforum på nettavisene, bloggar og andre medier.

På kundelista står blant andre VG, BT, Aftenposten og TV 2.

Tar over for journalistane
Det har vore journalistane sin jobb å redigere innlegg og kommentarar, å stanse sjikane og overtramp i nettdebattane.

No tar andre yrkesgrupper over dette arbeidet frå fleire av Nordens største redaksjonar.

Administrerande direktør Klas Karlsson var trettiseks då han kutta ut jobben som sjef for säkerhet i det suksessrike svenske nettsamfunnet Lunarstorm.

Karlsson hadde fått ein fin forretningsidé og ville starte sitt eige selskap.

- TV4 skulle akkurat til å starte sine interaktive tenester. Så fekk vi Aftonbladet med. Deretter Göteborgsposten, Dagens Industri og Expressen, fortel Karlsson.

I dag har Interaktiv Säkerhet kundar i Sverige, Danmark, Noreg og Finland og rekrutterer stadig nye.

- Styrkar ansvaret
Ikkje alle har uttrykt like stor begeistring for selskapet. Både i Expressen og Gøteborgsposten vart tiltaket møtt med protestar frå redaksjonelle medarbeidarar. Det svenske journalistforbundet har vore kritisk til at ingen av dei tilsette har journalistisk kompetanse.

- Eg meiner vi styrkar ansvaret med vår spesialkompetanse. Vi kjenner oss i alle fall trygge og har ein god dialog med avisene, seier Karlsson.

Medarbeidarane i Interaktiv Säkerhet blir kursa i pressjus og -etikk av Fojo, det svenske instituttet for vidareutdanning av journalistar.

- Vi ser etter medarbeidarar som kan takle stress. I ein debatt om palestinske spørsmål, for eksempel, må ein vere i stand til å halde hovudet kaldt. Og ein må vere god på å analysere tekst. Det å lese kommentarar av denne typen blir ein spesialkompetanse. Ingen journalistar har søkt på jobbane, forklarer Karlsson.

Kompetanse: sosionom
Selskapet er i ferd med å sprengje kapasiteten i lokalet midt i Varberg sentrum. Tre rom med parkettgolv er omskapt frå bustad til kontor. Medarbeidarar med varierte morsmål er i ferd med å få ein intim arbeidsplass. Susanne Adolfsen frå Mo i Rana er ein av dei. Ho er kundeansvarleg for BT, VG, TV 2 og Aftenposten, og ho er sosionom.

- Sosionomar har som jobb å prate med folk. Det passar godt i denne jobben der vi har mykje kontakt med folk, seier Adolfsen.

Veldig mykje av det folk lirer av seg ligg akkurat på grensa av det akseptable, meiner Adolfsen.

- Vi ser i utgangspunktet på alle innlegg som ok, men i grensetilfelle ser vi etter grunnar til å la det få stå. Vi vil at mest mogleg skal bli publisert, seier ho.

- Vi er ekspertar
Per i dag har ingen norske oppdragsgivarar gitt fullmakt til å redigere i sjølve innlegga.

- Mange trur vi må vere journalistar for å gjere denne jobben. Men det einaste vi gjer er å moderere artikkelkommentarar, bloggar og sosiale medier. Derfor er vi ekspertar på dette. Kven vil ikkje overlate til andre det dei ikkje har høve til å prioritere sjølve, seier Adolfsen.

«åh herregud». Inne hos svorske Thidemansen kjem stadig nye innlegg frå Sotra, Loddefjord og Sogndal opp på skjermen.

To museklikk til. Ut til bt.no, ut til folket.

Filteret er her. På eit intimt kontor i sentrum av Varberg, Sverige.

Kva synest du om at nettdebatten til bt.no vert styrt frå Sverige? Sei di meining her.

Les også

Siste fra Media

De er tilbake

Nytt program starter neste mandag.

- Jeg ser lykkelig ut, sant?

Jonah (14) fikk nok av årevis med mobbing. Slik sa han fra.

A-pressen kjøper Edda Media

A-pressen bekrefter at konsernet i helgen inngikk avtale om å kjøpe Edda Media fra britiske Mecom.

TV 2 sendte opptak av Breiviks stemme

TV 2 offentliggjorde tirsdag opptaket av Anders Behring Breiviks første telefonsamtale med politiet. Støttegruppa mener det viser at flere lydlogger bør sendes dem som har etterspurt disse.

Spiller hos Letterman i natt

Sondre Lerche skal synge for millioner av TV-seere.

Nytt Eli Kari-stunt

Meldte været iført romdrakt.

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet